– Men kanskje du skal ha lodd?

 

Sketsjen om Nesholmhistoria understreka resultatet av pengegåvene, loddsalet og kollekten!

Sjå bilete frå leirkvelden  Høyr tre stemningsbilete nede i bloggen!

Eg er på Nesholmen i Hyen. Den kristelege leirstaden har slege saman leirkveld og festkveld i samband med 60-årsdag for Nesholmen. Alle kulturelle og musikalske miljø har sin eigen festival sommarstid – frå Balejazz til Glopperock – men frå kristenfolket har det vore stille. Eg er nysgjerrig på korleis det står til på det kristne grunnfjellet i ei tid der kyrkjene fyllest i sorg, og dei sakrale vurderer å ta Nordahl Grieg inn i salmeboka.

Eg møter i 60-årslag med nrk-veske. Eg spør forsiktig om ”pressefribillett”, og får eit kontant ja, og eit venleg velkomen! Så strålar augo litt skarpare: ”Men kanskje du skal ha lodd?” Det er herleg å møte ein frimodig loddseljar som trur på føremålet sitt.

Eg er brått heimkomen! Eg som knapt har vandra i misjonssamanhengar sidan eg var konfirmert. Eg som berre går i kyrkja når der er konsert. Kor ofte sa eg det i barndomen på veg frå dør til dør: ”Men kanskje du skal ha lodd?”. På refleks kjøper eg for ein hundrings. Kan vinne spekekjøtlår og drill med høyrselsvern. Vonar på spekekjøtet, men veit at i dette lotteriet er saka viktigast. Å snakke om premien er nærast synd.

Framleis aldersblanding. Her er festkveld for nesten 200 sjeler. Mykje pensjonistar. Ein god del godt vaksne pensjonistar. Ein flokk dansande ungdom, og foreldra deira. Ei salig aldersblanding. Gledeleg og uvanleg aldersblanding i våre dagar. 

Lovsong i fellesskapet. Eg høyrer det frå første tone. Eg er komen til syngjarane. Dei vræler ikkje. Dei mumlar ikkje. Dei syng. Preikaren tek talarstolen. Etter tre setningar dreg han opp ein song. Publikum er med frå det andre ordet. Kontant! Dei kan tekst og tone. Dei syng herleg ut! Kanskje litt ekskluderande for meg som ikkje kjenner akkurat denne songen, men likevel. Samhald. Lovsong.

Preike om rus og stille kollekt til kloakk. Preikaren – Kjell Grønner – talar om sitt virke som fengselsprest, og i kollektiv for russkadde. Han snakkar etter måten lite om Gud og frelse. Han snakkar mest om å vere tilstades som medmenneske. Eg trur ikkje på Gud. Men eg trur på presten. Rett over i kollekt under salmesong. Likevel er det ein stille kollekt. Vi høyrer berre raslinga i papir. Ingen klingande mynt. Kontantterminalen står i kaféen! For etternølarar! Kollektbøssene kjem på podiet. Litt unnskyldande vert det sagt at dette går til verdslege ting som kloakkanlegg og utemåling. Dei ber om forstand til å bruke innkomne setlar på beste måte i nærver av Gud og gjevarane. Måtte alle forvaltarar ha slik respekt for felles innkomne pengar.

Danseungdomane vart sendt ut under preika. Endringane i det kristne samværet er endra over tid, og det er kanskje lettast å sjå for den som kjem utanfrå. Grunnskuleborna vert sendt ut på dansetrening under hovudtalen frå han som hadde røynsle frå Ten Sing, fengsel og rus! At dei vart sendt på dansetrening kan vere framandt nok for enkelte, men det overraska meg at tida for lengst er over for at ungane ”skulle sitje stille og høyre på presten”. Presten preika så borna kunne forstå. Det meiner no eg, …. med fare for å vere gamaldags.

Fart i svingane! Elles var programmet prega av improvisert sketsjspel og drivande songkonkurransar til lått og løye. Og sjølv superveteranane såg ut til å like den dansande ungdomen på scenen på Nesholmen, men det var tydeleg at danserøynsla var begrensa hjå seniorane, når dei vart utfordra til å hive seg med i …….!

Godprat og gjensynsglede stod det på ein programpost. Gjensynsgleda og praten stod i sentrum. Eg trur alle kjende alle. I alle fall kjende mange mange. På ein måte kjende eg det som eg kika inn på min eigen barndom utanfrå. Det såg ut til å vere få som kom for å snuse på miljøet – på Nesholmen for første gong liksom – slik ein opplever tilsvarande i ein del andre kulturelle samanhengar. Eg undrast: Vil den dansande ungdomen utvikle dette på ein annan måte når dei skal stå i elden og arrangere leirkveld på 75-årsjubilieet på Nesholmen?

Matpausen varte i to – 2 – timar før det vart kveldskonsert, meir kaffi og kaker og bålbrenning i augustkvelden i den trygge fellesskapen. Og i allsongen (DeLillos) om ”Når du en gang kommer neste sommer skal vi atter drikke….” var ”vin” bytta ut med ”brus”. Dei dansar på Nesholmen, og dei sender borna på dansetrening under preika, men dei har ikkje teke innover seg at Jesus gjorde vatn til vin…..

Gamalmodig og trygt, men likevel med nerve! Heim att i bilen kjenner eg meg framleis gripen av ”prestens tale”. Ein som brydde seg om menneske i tronge posisjonar. Bilradioen mel på sitt, men i hovudet mitt kvernar allsongen. Ikkje den lettvinte ”Going to see the King”, men kraftfullt: ”Ungdommens frelser – hør oss når vi beder – let etter dem som ennå selv ei leter”. Eg vart imponert over pensjonistpresten som hadde levd som han preika……. ”er de dog dine….. er de dog dine”! Vi omgir oss med mykje store ord og døgnfluger i kulturlivet. Gjerninga til presten står til truande!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til – Men kanskje du skal ha lodd?

  1. Helge sier:

    Flott innlegg! Til orientering: Presten var også mannen som i si tid starta Ten Sing-rørsla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *