Teatersuksess for ”Urmakarens hjarte”

Eventyrstemning frå Urmakarens hjarte

Først: Eldgrim Fossheim i prat med Sandsund/Lie   Deretter: Teatermeldinga mi på radio     Foto over: Viljar Losnegård

 

Vi har fått eit privat produksjonsselskap for teater i Dale – Sandsund/Lie. Dei hadde urpremière på barne/familiestykke ”Urmakarens Hjarte” på Førdefestivalen. Miriam Prestøy Lie har ansvar for manus og Torkil Sandsund er regissør. Med seg har dei Dordi Strøm på scenografi og andre visuelle verkemiddel. Stykket er ein suksess frå første sekund. 

Manuset er alvorleg nok i sitt tema. Det handlar om å henge fast i ei trist hending – og ha vanskar med å kome seg vidare. Stykket handlar om jenta Runa som miste mor si. Men dette ”alvorlege stykket om fastsittaren” er spekka med humor, og det er gjennomsyra av gode forteljargrep. Her er draum og drama i eit moderne eventyr med frodige fantasifigurar – flaggermyser og ei geit!

Glimrande regi i ein utsøkt scenografi. Kjappe sceneskift miksa med dvelande sekvensar gir god variasjon i tempo og fortetta stemning. Fem gode skodespelarar har teke presis regi i til saman 12 roller. Regien er godt innfiltra i den avanserte scenografien der film, skuggeteater, djupne og variasjon i scenebileta vert understreka av framifrå lysbruk og flotte kostyme.

Heilskapen seier ”Gjennomarbeidd framsyning”. Teater handlar om mange enkeltelement, og det er avgjerande for godt teater at desse delane vert godt limt i hop. Dette er kanskje den største suksessen til ”Urmakarens hjarte”. Eg vil kalle dette ei framifrå familieframsyning, men den vil også kunne gli rett inn som skuleteater.

Ingen svakheiter? Vel, ingenting er vel feilfritt. Eg synest kanskje at slutten vart ”vel” sentimental. Eg kunne ha ynskt meg at humoren vart med heilt til endes. Elles var urpremièren litt skjemma av problem med lyden, men kjenner eg proffane i Dale rett, så er dette kjapt løyst.   

Draumestart. ”Urmakarens hjarte” er den første produksjonen som er utført frå den nye teaterbasen i Dale. Sandsund/Lie har fått ”ein draumestart” – i dobbel forstand! 

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *