Snill bok om Førdefestivalen

Radiomeldinga mi om boka

Marit Bendz og Heidi Hattestein har skrive bok om Førdefestivalen på Skald. Ei Skaldbok av kjendt merke med gode bilete og fin bokbunad. Ei snill bok om ein snill festival. Ei bok der dei gode historiene har fått god plass. Ei bok å humre til.

Musikkfestival – ikkje Festfestival, seier Førdeordføraren i boka. Dette har prega festivalen i 22 år, og det pregar naturleg nok boka. Dette er festivalen då politiet kan ta ferie.

Oppstarten vert skildra, og den energiske fylkeskultursjefen Lidvin Osland får sin heider. Det er han som hevar festivalidéen utover ein vanleg landskappleik på dugnad. Lidvin er saman med folkemusikkmiljøet i Indre Sunnfjord og eit tenleg Førdehus viktige faktorar for suksess. Deretter har Festivaldirektør Hilde Bjørkum forma festivalen med innsikt og entusiasme.

Festivalen er ein lærevillig organisasjon. I starten var det ein del skurr mellom forma til ymse grupper og scenene dei fekk. Vare tonar på Hotellloftet i beste ”drikketid” vart reinska bort, og langdryge helsingstalarar vart etter kvart kastrerte.

Kva er ekte og opphaveleg? Boka skildrar stridar og kritikk om linjeval i repertoaret. Festivalen fekk ord på seg for å vere elitetenkjande og lite folkelege, og dei fekk kritikk for ikkje å opne for sjangerblanding og utvikling. Det vart ropt på kjendisgrupper, men festivalleiinga var tilsynelatande lite lyttande. Styreleiar Sigmund Eikås leverte sitt legendariske sitat i 2003: ”Publikum har ingenting med å kritisere festivalprogrammet. Likar dei ikkje musikken vår, får dei finne seg ein annan festival”. Men dette var spissformuleringar der og då. På bakrommet har festivalen justert seg etter publikum, og samansmelting av sjangrar florerer. Eg måtte dra på smilebandet på søndags føremiddag no i 2011. Då stod Sigmund sjølv på scenen i Førdehuset og spelte Fanitullen til Hornmusikkorkester frå Jølster! Jippi! Det svinga!

Men til Førde må du. Det einaste som synest å ligge fast er at utanlandske grupper som kjem til Førde berre spelar på Førdefestivalen her i landet. Du må til Førde for å sjå og høyre! Punktum. No er Hilde B einerådig programnemnd – og ho balanserer eigen teft og nyttige innspel. Debatten om programmet har stilna. Kanskje er det for stillt? Korleis skal ein fornye publikumet er alltid eit avgjerande spørsmål?

Modig festival. Festivalen torer å gå mot straumen. Dei set opp tema om ”makt og undertrykking”, og i år var det ”Kvinneverd”.

Boka om den snille festivalen. Der historiene er knytte til mistydingar mellom kulturar. Fornøyelege og humoristiske kulturkrasj. Heldigvis har festivalen ei (om enn einsleg) sexy soge. Det var i 2000 at ein skotsk deltakar para seg i den lyse sommarnatta. Det var slik leik i leikestativet at hageeigaren nær sjukehuset fekk hjerteinfarkt på sekundet. Og VG kom i helikopter! Moldefestivalen har den legendariske nattkonserten med Miles Davis. Førdefestivalen har skotsk orrhaneleik! 

Boka er ikkje berre blott til lyst. Her er innsiktsfulle artiklar om å fylgje Sigøynar-artistar heim til fattigdomen i Romania, og intervju med ein Flyktningmottakar i Førde om at festivalen har lite å seie for flyktningane på mottaket. Gjesteskribentar – med Firdajournalist Katrine Sele i spiss – hevar boka. 

Kva saknar eg? Den heftige striden om styresamansetnaden i samband med statleg utnemning til knutepunktfestival i 2005 er fråverande. Knutepunktfestival tyder at staten favoriserer Førdefestivalen i samband med internasjonal folkemusikk. Staten deler ut rause pengar samstundes som dei tek grep om styringa. Dette skapte bylgjer i dugnadsorganisasjonane. Elles saknar eg nokre nærgåande historier om Hilde Bjørkum i fri dressur. Eller kanskje er ho rett å slett så prektig og flink som boka – og anna godtfolk – vil ha det til?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *