"Go og brisen" Hafslo-revy

Høyr revymeldinga  Sjå bilete frå Hafslo-revyen

Ljosvang heiter det raude ungdomshuset på indre Hafslo i Luster. Eg gjer turen inn på revypremière på palmelaurdag før Leikanger spelar opp lenger ute i Sognefjorden.

På ei lita scene i huset med solide revytradisjonar har nye og yngre krefter teke tak for å lage revy på tredje året. Vi vert bedne om bord i ein båt. Både revyen, cruisebåten og skipperen er ”Go og brisen”, og spritpoenga haglar. Starten er litt forsiktig og usikker, men dei spelar seg opp under leiing av eit rutinert revyorkester.

Mykje Lustrastoff. Her skjenkar dei i det dyre badet i Gaupne heilt opp til kanten, og underfundig replikkunst stemplar lustringane med lun sjølvironi som ”rike og gjerrige”.

Lustervalet til hausten vert elegant turnert med Høgrelista der alle kjem frå Gaupne, med spriken i Ap og sist men ikkje minst kjem FRP-aren Ernst Veum (tidlegare ordførar for AP) utkledd som dame for å tekkjast nye veljargrupper. Då står låtten i taket på Hafslo!

Og Sogndølene får sitt. Liv Signe – innfødd Sogndøl – kjem på vitjing, og får pels i presang i det skjulte….., og på veg ut døra ynskjer ho seg ei dyrare pelsgåve ved neste høve…… Idol-Tone har fått på seg brurekjolen og er klar til signering, og Tor Andre Flo har signert …. i barnehagen….

Emnevala og poenga er gjennomgåande gode. Ein del av dei har meir snert enn hjå dei meir rutinerte på Leikanger. Men skal ein bedømme ”innpakninga” på Hafslorevyen opp mot Leikangerrevyen, så må alle innsjå at dette er to ulike divisjonar når det gjeld rutine, regi og økonomiske musklar.

Men so kjem det til sjarm og guts. Her stiller eldsjelene i bygdelaget på indre Hafslo opp med 20 folk på scene og orkester pluss dei mange som heilt sikkert har skubba på bak. Dei spelar première på laurdags ettermiddag, dei fleskar til med festframsyning og dans på laurdagskvelden. Søndags føremiddag ryddar dei klart til bygdakafé før dei hiver ut borda og spelar den tredje framsyninga Palmesøndag om kvelden! Og når dei tel opp selde billettar, så nærmar det seg nok 500! Mange bygder i dette fylket vert trivelegare i å bu når slike folk finst!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *