Myldrete på Dalsåsen

Ei kulturoppleving er vanskeleg å føreseie. Ei god kulturoppleving har alltid noko ekstra. Alltid. Noko lite eller stort. I ettermiddag var det ein replikk utanom programmet.

Ope hus på Dalsåsen. Nordisk kunstnarsenter i Dale – Fjaler. Opnar dørene klokka fem. Eg sluker suppe til middag. Kastar meg i bilen. Vårregn langs Dalsfjorden. Framme fem på. Klar. Ingen å sjå. Eg kjenner på døra. Ope. Ein kaffitraktar surklar. Framleis ingen å sjå. Eg tek kaffi i pappkrus, og kaker. Det smakte.

Kunstnarane som er på opphald her sig inn. Skottar forsiktig på den einaste frammøtte. Slik går første halvtimen. Ikkje felles program ser det ut til. Eg byrjar å sirkulere rundt i dei fem verkstadene. Dei fyrste gjestane byrjar å kome. Det sig på no.

Bokskulptur. Ei brukar skalpellen som teiknereiskap. Blad vert papirskulptur. Ho filmar meg medan eg ser på kunsten hennar. Hm. Er eg interessant, eller gjer ho seg interessant?

Teikning av kroppar. Forseggjorde og nøyaktige, men litt kjedelege. Tusjteikning av eventyrstemningar.

Så til han som samlar fjøler og rekved. Skal bygge seg hytte. Er omhyggelg med form og farge. Ein komponist! Lukta av fjøler fyller verkstaden hans. Eg luktar barndom og leikehytter. Vårkveld!

Vi er bedne inn. Ikkje på utstilling. Men på verkstadene deira i arbeidsprosessen. Forsiktig stemning. Eg er klar for siste dør. Den unge kunstnaren i møte med den vaksne dama frå bygda. Ei nyfiken godt vaksen dame. Spør kunstnaren ut med stort frimod. Om teikningane. Om orda som heng på lappar i rommet. Om korleis ho skal setje det saman. Til kunst. Svara frå kunstnaren er nølande. Ikkje gode å få tak på. Då smiler den gråhåra og seier «Du er vaksen opp i ei tid når alt er så myldrete»!

Eg har ofte denne kjensla i møte med kunst. Fragment flyt. I bilen heim tenkjer eg på vår myldrete tid. Replikken utanom programmet var ikkje utanom. Men midt i!

PS: Vil du vite meir om Dalåsen og dei fem «residerande» i tekst og kunst, så er www.nkdale.no berre eitt tasterykk unna.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *