"Atrium" nær Nynorskens Skog

Sist veke kokte det over i Eikefjorden. Flora kommune tvinga namnet ”Stavangvegen” på Eikefjordingane. Lokal oppstandelse. Sikkert med god grunn. Sjølv om Stavangvegen er eit folkeleg namn.

Men i tettstadane våre tek jåleriet over i namnsetjinga på bygg og anlegg. I Sogndal har dei noko dei har kalla Campus. Eg sukkar. No kastar Førde seg på jåleribylgja. Tidlegare i år fekk vi ein Førde-debatt om den overdrivne bruken av førestavinga ”by-” i alle samanhengar. Godt, godt, men no tek jåleriet nye former.

Storbygget til Atle Hamar & Co i Storehagen skal heite Storehagen Atrium. Slikt kallar eg jåleri. Jau….. det ligg rett nok i Storehagen og liknar sikkert på eit atrium – kva no det måtte vere…..

Kva med norske namn så nær Nynorskens Skog? Takke meg til islendingane, som syner nasjonal språkrøkt i slike situasjonar. Men vi får vel leve med Atrium, vi som ikkje tok oss bryet med å sende inn namneframlegg ……. på norsk. Ser dessutan at dei hadde over 100 framlegg å velgje imellom ……

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *