Krimfest med solid breidde

Denne bloggen la grunnlag for radioprat måndags morgon ……….. klikk på saka ovanfor om heksemiddagen for å høyre radioklippet.

Krimfest Sunnfjord var mykje meir enn teatermiddag (sjå eigen blogg over). Eit av høgdepunkta var Anne Mette Hjelle sin samtale med spenningsforfattar Tom Egeland på opninga torsdag. Det er godt å høyre ein klok forfattar fortelje om forfattaryrket. Om ideskaping, godt handverk og hardt arbeid. Ei fengslande framstilling.

Elles var det eit høgdepunkt i krimfjøsen i Angedalen når May Grethe Lerum (ho som har skrive bøkene om ”Livets døtre”) avdekte myter om hekseprosessane i Europa. Vi har trudd at det var nesten berre kvinner, men forfylgjingane ramma også menn. Kvinneforskarane i syttitalstradisjonen la alt for stor vekt på at heksene var ”sterke, tøffe og kloke” kvinner. Lerum viste til nyare forskning, og at heksene stort sett var kvinner i underklassen som hadde kome i krangel med grannekoner eller nære slektningar. Overklassen med slekt og kjenningar som kunne gå god for seg, kom nesten aldri på bålet. Menn som var dømde for utsveveande kjønnsliv var i faresona. Kort sagt; dei mest utsette for hekseprosessane var ”kåte menn og kranglevorne kjerringar” utan mektig slekt som kunne gi støttande vitnemål.

På bokkafeen laurdag føremiddag var temaet vridd mot heksejakt i dag. Media si jaging i flokk i Valla-saka var eitt av døma. May Grethe Lerum heldt fram dei store hekseprosessane som i dag går føre seg i Afrika, og som vi nesten ikkje høyrer om. Ho utfordra media. Ho drog også paralellar til hekseprosessane med vanlege folk sin sladder, ryktespreiing og mobbing på internett. Mekanismane er dei same, men båla er bytta ut med at ofra tek livet sitt ”i det stille”. Ein god bokkafe med kaffi og kaker, rettspleie og refleksjon.

Krimfest Sunnfjord fenga med eit variert program. Interessa er brukbar, men billettsalet kan umogleg dekke kostnadene. Eit godt og variert program som er avhengig av solid sponsorstøtte. Krimfesten er eit annleis arrangement. Ros til arrangørar og sponsorar som lagar ”fest” som ligg utanfor A4-format.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *