Olav H. Hauge, Halvdan og heimesitjarane

Olav H. Hauge er ikkje kristeleg nok for soknerådet i Stryn. Det er heller ikkje lenge sidan Førde kyrkje smelte kyrkjedøra i trynet på Halvdan og Labbetuss.

Eg går ned i spagaten. På den eine sida hyler eg i det kyrkjekoret som ropar ”døra høg og porten vid”. Eg huffar meg i takt med alle som lid seg gjennom oppslaga i riksmedia der vi vestlendingar vert stempla som trongsynte.

På den andre sida frydar eg meg med dei kristne fundamentalistane som torer å bruke makta si. Makta si til å stå for noko i vår ultraliberale tid der alt er lov. Alt er lov overalt. Som torer å vere intolerante i tråd med sitt samvet. Som torer å rydde i tempelet!

Alle har naturlegvis lov til å meine i denne saka. Men mest av alt vil eg høyre på dei som røysta ved kyrkjevalet sist måndag. Men kva med oss heimesitjarane? Vi som syng lovsongar om toleranse utan at vi gidd å smette røystesettelen i sprekken under dyrkjedøra?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *