Vevringutstillinga – med ekko frå fortida

Denne kulturmeldingsbloggen gir grunnlag for radiopraten 21. sept: Høyr saka her

Vevringutstillinga er eit ektefødd barn av bygdeoptimismen på syttitalet. Eit dristig og bygderadikalt kunstprosjekt skipa av helselaget og der overskotet gjekk til barnehagen. Dugnad og kunst. Kunst og dugnad. I Vevring for 30 år sidan og i dag. Dugnaden i alle år står til toppkarakter. Sikkert både strev og glede. Slikt gir stolt identitet.

Fire danske kunstnarar stillte ut første året, og dei er no heidra med eiga utstilling på Kunstmuseet i Førde. Dei ”tjuvstarta” med opning på onsdag. Jane Balsgård sine ”papirskulpturar” er åleine verdt eit besøk dit i haust.

I Vevring dura utstilling nummer 31 utover fjorden fredag. Geir Hjetland hadde laga den grøne luren og Maja Ratke samtidsmusikken. Det var som tåkeluren varsla fare, og det vart bora i fjell og salvene drønna. Samtidsmusikk og samtidspolitikk i Vevring.

Jubeleumsutstillinga var laga av 150 kunstnarar og kunsthandverkarar. Mengda var imponerande, så her kunne alle finne sitt. Her var stor variasjon i uttrykk og form, men kvaliteten var varierande. Det meste var flott, noko var nesten amatørmessig og toppen var glimrande. Å dra fram nokre toppar er nesten umogeleg, men eg har likevel tenkt å prøve på nettopp det. Eg vel meg tre kunstverk:

I ein kontainar nær butikken fann eg porselenfata til Eli Veim. Ho verka både trygg og eksperimenterande på ein gong.

I Gamlefloren til Ola Dag fann eg May Bente Aronsen sin tekstilkunst (filt) som i form og fargar bergtok meg …. i lyset gjennom glaset i gamlefjøsen. Dei som ikkje tok turen om gamlefjøsen opp på bakken for butikken kan angre. Sjølv om verket er avbilda i den fine katalogen, så vert dette berre eit bleikt bilde……

Som tredje verk vel eg meg Arne Ønhell sin sykkel rett utanfor skuledøra. Ein sykkel med trekanta hjul. Vanskeleg å sykle på??? Kanskje, men ikkje meir krevjande enn å lage kunstutstilling i ei lita bygd i over ein mannsalder. For meg vert denne sykkelen ein humoristisk kommentar til sjølve nerven i Vevringutstillinga.

Trettiårsjubilanten ber i år tydelege fødelsmerke frå dei kunstradikale 70-åra. Mange av verka har ein skarp politisk brodd mot bergverksplanane i bygda. Noko av dette er raffinert, men noko nærmar seg det plumpe. Det mest storslagne og elegante er bestillingsverket ”Desibel” – før nemnt som store grøne lurar som spelar samtidsmusikk utover fjorden. Dirrande harme av dimensjonar, utan at du treng å forklare det i hel. Direkte kommunikasjon utan å vere påtrengande – i ein utsøkt balanse.

Men det er derimot hjelpelaust å plante full ein bø med forbodsskilt mot å flytte fjell til fjords. Det er som direkte politisk ”70-talskunst” – så overtydeleg at det er til å få makk av. Viljen kan vere så god den berre vil, men her burde Vevringutstillinga ha renska litt i eigne hjartesaker. Men eg tilgir dei nærsynte unnataka, og framhevar det beste; Dugnaden og mengda av kunstverk er blendande. Det beste er i absolutt toppklasse.

PS; At det kokar i bergverkssaka i Vevring er til å forstå. Temperaturen er så høg at Rådmann i Naustdal – Anna Elisa Tryti – fann det naudsynt å be bygdefolket i Vevring om å syne kommuneleiinga tillit i rutilsaka. Ja, det gjorde ho i sjølvast takketalen under blomsterutdelinga på Kunstmuseet onsdag. So da! Sjeldan politisk vare i kunsten i dette fylket no til dags!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *