Søvnig valvake

Scene på loftet på Sunnfjord hotell. Enkel scenografi med storskjerm i salongen, flatskjerm i baren og ein vegg for blafrande ark med fylkesresultat. Knut Henning Grepstad og Eldgrim Fossheim har i over ein månad delt ut pallplassane til Heggø, Navarsete og Starheim. Det skal berre kjempast om ein fjerdeplass og om eit vådeskot – det som forståsegpåarane kallar utjamningsmandat.

Kandidatane entrar scenen i god tid før teppet går opp. I Fjordafylket kan ingen koste på seg å leike Stoltenberg på lukka bakrom. ”Tjueeitt” er eit hasardiøst kortspel, men denne kvelden tyder 21 at valdørene slamrar att, og at teppet går opp for valdagsmålinga.

I løpet av sekundar syner landsmålinga at KrF-Brossa og Venstre-Ludviks manglar vind i segla. Trude vert ikkje blåst til himmels denne gongen heller, og Gunnvald vert lagt inn att på Helse Førde. To utfordrarar vert forvist til statistrollar før valvaka får opp auga.

Heidi frå SV vinn NRK si valdagsmåling, og får sjå partileiar Kristin juble hemningslaust på syltynt grunnlag. I showbizz heiter dette ”Five Minutes of Fame”. Heidi sin jubel stilnar brått når førehandsrøystene i Florø gir ho stryk. «Game over» for fornyingsministeren. Ho kom som Askepott for åtte år sidan, men no sit prinsessa til Jensemann og dinglar med beina på den aller yttarste bordkanten på Kongens Bord!

Denne kvelden skal handle om fjerdeplassen, men alt tidleg på kveld vert spenninga utløyst. Landsfader Jens dreg med seg Tor til Tings. Jens hyllar bloggarane og nett-kvitrarane i takketalen, og då er Tor Bremer sjølvskriven. Vi skal fylgje spent med om Tor kjem på talarstolen på Tinget med sokkesig, eller om Ingrid Heggø greier å stramme han opp.

Så til dette teatralske utjamningsmandatet. Kan spenninga halde seg oppe her? Eg vonar på drama i denne russiske ruletten, men når KrF og Venstre vert statistar i startminutta og Heidi ikkje greier å røre Florøværingane – korkje med dramatiske telefonar om sjukehusmonumentet der ute eller niårige Simon Uteliggar – då går teppet opp for Bjørn Høgremel. Blidaste mannen på festen. Ein honndøl som vert befridd frå rolla som ordførar i ein fattig minikommune kan juble over å verte ansvarslaus opposisjonspolitikar. Bjørnen er skoten rett inn på Løvebakken og skinnet kan seljast, eller gravast ned i lag med kraftlinja.

Mest av alt vart valvaka eit geisp fordi Jensegjengen vert sitjande i fire år til. Eg hadde gleda med til party-party-partileiardebatt med Sponis og Siv og med Erna i meklarrolle. Men kva fekk vi? Sponis med broten rygg og Siv som hadde rekna ut at det var nytt val om fire år. Og Erna som hardnakka pukka på at ho hadde vunne valet. Akk ja!

Spenninga forsvann tidleg, og det vart ei søvnig valvake. Stemninga var venleg og høfleg utan krangel og slossing i baren på Sunnfjord Hoell ….. sjølv om Sunnfjordbenken vert ståande tom, Nordfjord sikrar seg to mørkeblå og regjeringa gjorde reint bord i Sogn.

I finalen fekk vi sjå SP-dronninga vår halde skansen. Liv Signe har grep om samferdsla og Jens sitt grøne øyre, og ho sikrar oss sognamål ved Kongens bord. Den største spenninga etter denne kjedelege valnatta er likevel om vi får firfelts bru over Sognefjorden, eller om det berre vert ei luftspegling i Soria Moria!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *