Jølstringar på veggen til evig tid

Oddleiv Apneseth opna dørene for publikum på Eikåsgalleriet fredag 4. september. Folk strøymde på for å sjå naboen spikra på veggen. For å sjå fotokunst av ypparste klasse. For prosjektet ”Jølster 2008” er nettopp denne blandinga av dokumentasjon og fotokunst.

Det aller sterkaste med utstillinga er kombinasjonen av ide, handverk og ”guts” til å stå løpet ut. For her ligg ein strålande ide i botnen, og ”Fritt Ord” gav den naudsynte startkapitalen. Vidare syner fotokunstnaren at han har ide med alle avtrykka sine. Her er det regi. Her er det ikkje det tilfeldige som rår grunnen.

Om det er basar eller bubilar, nygifte par eller gamlingar, energi på Esso-stasjonen eller potente gravemaskinarmar i ståande posisjon, om det er revypresten på traktoren eller den verkelege presten som mislukkast i å gå på vatnet. Her er regi. Her er humor. Her er alvor. Noko får du rett i trynet. Andre aspekt må du leite og undre deg fram til. Kombinasjonen av det lettfattelege og det djuptenkte er glimrande. Her får alle sitt.

Deler av utstillinga skal vidare til Bergen og Oslo. Eg omtalar det som heng på Jølster og ein fin katalog. Arbeidet er lokalt og ujålete. Samstundes er det nasjonalt, og ein kan seie universelt. Ekte folk og ekte natur fanga og spikra opp av ein fotokunstnar.

Stemninga i utstillingslokalet var prega av lovsong i tale og tonar. Dei store dimensjonane i mange av bileta verka blendande. Her var store auge og enno større smil. Jølstrapresten gjekk i vatnet, men meisteren Oddleiv såg ut til å sveve lett over Jølstravatnet denne kvelden. Kunstmusedirektøren kunne innkassere ein uslåeleg publikumsrekord på ei opning.

Er her så ikkje ei einaste minusside ved prosjektet? Eg måtte ut i frisk luft før eg var i stand til å nyansere. Arbeidet er dokmentasjon og fotokunst. Fotokunsten er eineståande og banebrytande, og det er nettopp fotokunsten eg opplever som den sterkaste delen. Som dokmentasjon er eg meir usikker. Kva vil dei finne ut om livet i Jølster dei som rotar i filmane om 500 år? Då vil nok regien og den humoristiske kunsten skugge litt for dokumentasjonen. Men bevares …… karnevalet sin dokumentasjon har også verdi.

Som dokumentasjon syner prosjektet også ein annan veikskap. Utstillinga ber preg av å vere fanga gjennom eit mannleg objektiv. Det er mennene i Jølster og deira maskuline syslar som pregar i meste laget.

Det stod difor godt i stil med utstillinga når den kvinnelege dirigenten for Stardalens Mannskor introduserte koret sitt sluttnummer som ein ”viril mannesong som hyllar kunsten”. Så stemde koret i med mannkorsongen over alle mannskorsongar ”Rett som ørnen stiger”! Kanskje eg kunne ynskt meg ”eit vers til frå damekoret” ……. i ”Jølster 2008”?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *