Hotell i "Homelands"

Smaa hus med sterke fargar. Folk gaar langs motorvegen. Folkevognbussar er privat-drosjer. Stinne av folk. Folkevognbussar. Born jagar dyr til felles beiteland. Homelands. Omraade for svarte under apartheid-tida. Svarte utan pass. Byane er smaa og graa – med ei hovudgate. Smalare veg her. Maa slakke ned.

Vi tek hotell og mat i neste by, tenkjer eg – troeytt og svolten. Bygrensa. Ikkje eit smil aa faa. Ikkje ein kvit person. Anlet og fingerspraak er ikkje venlege. Vi er to kvite i ein blank bil. Som slakkar ned og ser oss om. Leitar. Koeyrer igjennom. Vi er ute av byen.

Eg vil proeve hotellet likevel. Pust med magen. Vi snur. Stoppar tre meter fraa doera. Gaar resolutt inn paa hotellet. Maa gjennom laast sluse. Eg smiler. Tek meg saman. Spoer om rom. «Ei anna kjem snart» – eit daudt anlet. Ei anna kjem. Eg spoer. Ho overser meg. Eg ventar. Lenge. Kjem ei anna??? Vi er luft.

Saa ei von. Om vi vil ha rom. Ho har nok «moerna» meg nok no. Ja, eg vil. Og mat. Faar vite at restauranten er lagt ned, men det finst nok mat der ute ein stad. Ikkje meir hjelp aa faa. Dei snur seg bort. Oversett, som saa mange svarte har vorte det.

Eg gir ikkje opp. Proever eit anna hotell i ei sidegate. Stoppar ikkje. Ikkje ein kafe aa sjaa. Eg gir opp. Eg er alt paa veg til bensinstasjonen lengre framme – til bensin, cola og kioskmat.

Tenkjer. Kjende meg langt fraa velkomen. Ho fekk ikkje selt rom til oss. Vi kom ikkje tilbake. Vi fekk lite ut av dette moetet. Men vi fekk bekrefta fordommane vaare. Gjensidig. Ein skal vere toeff for aa bryte isen. Ta sjansen. Eg pingla ut. Og ho i skranken …. kva tenkjer ho?

Neste by er turistby. Ein blid mann i resepsjonen. Fleksibel paa pris og rom, paa frukosttid og avreisetidspunkt. Eg er troeytt og letta. Det er lett aa smile venleg tilbake. Ein dag gjennom Homelands enda trygt i turistbyen. Fekk roeynt mine eigne grenser i dag. Kjenner paa stemninga fraa apatheid-tida og fraa fattigdomen i dag. Kjenner paa korleis det er aa vere kvit. Aaleine. Her.

Men, tenkjer eg, den venlege resepsjonisten som gav oss rom var svart – heldigvis! Slik at dei ikkje brende seg for fast – dei i skranken paa hotellet i «Homelands».

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *