Vaffeljarn i Sunnmoerskyrkja

Sunnmoeringar og tome flasker finn ein overalt, heiter det. Og Tomflaskene faar ein som kjendt ogsaa pant for. Takk til Bjarte Erdal som sende meg ein liten sving paa utvandrarjakt. I Margate.

Vi tek hus (B+B) i Margate. Kona i huset kjenner Den norske settler-kyrkja. To telefonar, og vi har kart og opningstid. Seksti familiar utvandra tidleg paa 1880-talet. Hit – til kysten av det Indiske hav. Bygde kyrkje og skule foerste aaret – i eitt bygg. Namn paa gravsteinar og minnetavle syner etternamn fraa heile Sunnmoere. Mest fra kysten soer for Aalesund.

Her heiter det Oslo Beach, Kong Haakons gate, Prins Olafs gate, Aalesundvegen og Strandavegen (her er folk fraa Dyrkorn ogsaa). Norsk nasjonalisme i gamlelandet er blanda med kampen for «eige land» i Boarkrigen. Minnesmerke for dei falne i Boarkrigen (ved hundreaarsskiftet) staar paa kyrkjegarden. Her var sunnmoeringar i kamp mot Sir W Churchill og engelskmennene – frontane var annleis 40 aar etter.

Desse utvandrarane var ikkje misjonaerar. Dei reiste for aa vere nybyggarar. Dyrke jord. Hit. I ei tid naar dei andre for til USA. Dei bygde kyrkje for seg sjoelve, og hadde ikkje kontakt med norsk misjon her nede – faar vi vite. No er den norske kyrkja her ei fri felles kyrkje i stor vekst – nyleg paabygd og med enno stoerre framtidsplanar. Eg meir enn anar Sunnmoersaanda: Stort maa det vere!

Dei har laga eit bittelite museum paa bakromet i kyrkja. Mellom gamal snikkarreiskap, sunnmoersbunad, bilete av Aalesund, «skallar» av skinn fraa Sameland (merkte som norske sko!!!) og to gamle troeorgel …… finn eg dei tre viktigaste reiskapane for sunnmoerske settlarar paa ei og same hylle: Der ligg salmeboka, patronbeltet og vaffeljarnet! Det stoerste vaffeljarnet eg nokon gong har sett.

«Kaffien er klar», ropar presten!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Vaffeljarn i Sunnmoerskyrkja

  1. Joar Kvamsas sier:

    Her i Italia vert vaffeljern arva ned gjennom generasjonane. Flittig brukt blandt austlendingar og asiatar.

  2. hans jakob reite sier:

    Vaffeljarn er kontaktskapande reiskap. Og det eg saag i Soer Afrika var ogsaa tungt og brukande til aa slaa med. Jamfoer patronbeltet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *