Filmskaparen, kardinalen og ei natt i Nice

Interrail er meir enn buane vi vitjar. Det er togreisa og stasjonane. Vi skulle ta lang etappe fra Roma til Barcelona. Delvis med natt-tog. Frankrike skulle sovast igjennom denne gongen. Men det hadde vore snoestorm og tog-kaos i nord-Italia. Kva visste vel vi om det i Napoli og Roma? Om-bookingar og null plass pa natt-tog uavhengig av klasse og sitje/liggestilling.

Pust. Plan B. Om Genova. Bit for bit. Leitar paa tavla. Der er eitt. Spring. Feil tog. Ut med alt. Neste. Her kjem eit lurt. Gaar om eit kvarter. Vi proever. Tissing og billett-kjoep. Gjett kven som gjorde kva? Paa plass 8 min fooer avgang. Pju!

Daa kjem kardinalen inn i kupeen. Ser oss ikkje. Pustar tungt. Doera gaar opp paa ny inn til dei seks seta vi har paa deling. Divaen gjer entre. Ho ser paa kofferten lenge nok til at eg ilar til og faar den paa plass paa hylla. Ho takkar paa spansk, og kardinalen syg seg paa ho. Dei finn kvarandre paa alle spraak. Ho er filmskapar fraa Cannes. Dei klagar over at 1. klasse var full. Snoestormen faar virkningar for norske interrailarar, kardinalar og filmskaparar.

Dei klagar over null restaurantvogn. Vi et knekkebroeda vaare og drikk vatn. Kardinalen forsvinn ut i Genova. Vi paa veg mot grensa til Frankrike. Kan vi naa Nice i kveld, saa faar det verte dagtog i morgon.

Filmskaparen fortel om flimskaparsonen sin, og filming paa Klimansjaro. Om leiligheitene sine i Cannes, London, Paris og New York. Vi snakkar litt oss imellom paa norsk, men vel aa halde kjeft om at Karen Helga har naust med nytt tak i Solund, og at eg har faatt meg nymaala barndomsheim med ro-baat og naust paa palmekysten paa Sunnmoere. Vi naar grensebyen litt forsenka. Tel kolli og joggar lett til neste tog til Nice. Trudde vi.

Stopp. Det staar noko italiensk paa tavla. Det tyder visst streik i Frankrike. Togstreik. Buss? Nei! Taxi! Nokre greier ikkje aa bestemme seg. Nokre har ikkje kontantar. Saa staar vi der vi fire til slutt. Karen Helga og eg, filmskaparen og ein ung russar som er god i fransk. Prutar pris. Paa veg. Monaco ligg bort i haugane ein stad. Filmskaparen og russaren finn kvarandre i jakt paa felles skyss vestover. Mot Cannes. Vi tek inn paa eit lite hotellrom. Varmt. Den blide hotellverten forklarar at varmen ikkje kan slaa-ast av. Opp med glas. Eg sloknar med hovudet mot omnen og beina naer glaset. Godt med jernhelse.

Neste morgon er det «kroasangar» til frukost. Streiken har toerka bort i sola. Vi farr sjaa den vakre franske rivieraen i dagslys. Barcelona. Vi kjem litt seinare, men .. det vart ei kort natt i Nice!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Filmskaparen, kardinalen og ei natt i Nice

  1. Ellen Indrebø sier:

    Du skriv godt, me sit heime i varme stovene våre, og føljer med og ler,,
    Vi skal på «Hyttekoz» generalprøve i kveld, rapporterer etterpå. Hels til Karen Helga fra Ellen og Roar!

  2. hans jakob sier:

    Takk for melding som gir inspirasjon. Karen kikar meg over skuldra, saa helsinga er komen fram!

    hj

  3. Ellen Indrebø sier:

    Roar har laga innlegg om Hyttekoz på Fjordaglimt/Firda-Origo. Ha framleis god tur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *