Vasskraft i Vatikanet

I Peterskyrkja for tredje gong. Visste kva eg skulle sjaa. Trudde eg. Visste at det gjevaste er aa staa paa galleriet 80 meter over golvet. Sjaa 80 m ned og 50 meter opp under kuppelen. 130 m innadoers. Mektigast fraa galleriet litt over midten. Langt til botnen. Langt til himmels.

Men saa kjem den stoerste opplevinga. Det er alltid noko du ikkje har sett foer. Eg saag vel at Paven var sein aa ta ned julegrana ute paa plassen. Men nede att fra galleri og kuppel-altan, saa fekk eg sjaa julekrybba i Peters-kyrkja. Paveleg stor, javel. Men det som gjorde ho unik, var innfoeringa av vasskrafta i juleevangeliet. For i Vatikanet har dei i tillegg til alt vanleg krimskrams med foedande jomfru, kongar, hyrdar, sauer og spebarn, slege til med eit vasshjul. Med vatn! Her sprutar livets vatn rett or kjelda, saa kvernakallen sviv i vill fart. Kanskje helsesamt vatn, for alt det eg veit.

Eg sjekkar soendagsskulekunnskapen. Vi trudde paa jomfrufoedsel. Josef fekk greie seg med aa vere moderne stefar. Vi trudde til og med paa julesnoe paa taket i stallen, slik det var paa julekort paa Sunnmoere paa 80-talet. Men vi saag daa at sauene paa Betlehemsmarka var skrinne og hadde toerre beite i Joedeland naer oerken og det Daude Hav. Vasskrafta i jule-evengeliet fekk vi aldri med oss, vi som kjem fraa Soerbrandal. Ei bygd med eige kraftverk. Saa til dykk i Pavelandet. Det teologiske grunnlaget for vasskraft i Jule-krybbe vil vi sjaa naerare paa. Vranglaere. Takk, Martin Luther!

Eg fell i tankar. Kanskje kraftsosialistane i AP paa 70-talet hadde vasshjul paa julekrybba. I det miljoeet der alt vatn som ikkje renn i roer var synd. Kanskje hadde dei vasshjul i juleevangeliet paa Viksdalen under kampen for Gaula-utbygging? Kanskje har Kjartan Longva vasshjul paa julekrybba i dag. Viss han har krybbe? Her staar katolikkane og tenkjer paa Gud, medan eg funderer over vasskrafta, AP og Kjartan Longva. Paa tide aa kome seg ut i lyset!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *