Byvandrar i brun frakk

I Pompei har byvandraren brun frakk. Er over 70 og har guida i over 50 aar. Med kjaerleik til byen og historia. For meg er Pompei det foerste verkelege hoegdepunktet paa turen. Vi leiger eigen byvandrar. Berre oss tre. To lange og kjekke timar. Om byen som vart hermetisert av vulkanen Vesuv i aar 79 etter Betlehem. Om hus til rike menn og slavane deira. Horehus og bakeri. Mjoelkebar, vinkjellar og bad. Byportar og amfiteater. Kort sagt.

Av dei over 20 000 innbyggarane strauk nesten alle med. Kven redda seg? Dei fattigaste vert deg sagt. Dei rike hadde for mykje aa reise i fraa. Kanskje byvandraren lyg litt. Ein god guide skal lyge passeleg. Vaar mann i brun frakk er ein god guide. Vaar i Pompei. Vi ser den utgravne byen med kunst i husa og valkampen sin propaganda paa veggane. Braatt hermetisert ein augustdag. I Pompei der grenseflata mellom gresk og romersk kultur er tydeleg.

Vi forlet Pompei ved solnedgang. Ein skoddedott heng i Vesuv. Eller er det roeyk? Kveldssola sig i Middelhavet. Draumen fraa folkeskulen er naadd. Pompei. Hermetisert historie. Hermetisert i eit drama. Hermetisert av gloedande lava. Og oske!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Byvandrar i brun frakk

  1. Ann Karin Nes sier:

    Det er en nytelse å være med dere på tur begge to. Smiler langt inn i hjerterota. Tenk å ha så åpne øyne og fortelle det! Gleder meg til fortsettelsen. : )

  2. Hans Jakob Reite sier:

    Takk AK. I allefall ein nytelse aa verre paa tur. Meir kjem. Hels!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *