Eg trivest som turist

Kjekt aa gaa aa halde paa sekken. Med kart i neven. Lure og peike. Stikke seg ut som turist i turistfella. Dei lokale ser sikkert paa meg som dum og rik. Dei har vel rett. Dei rett truande i gamlelandet fnys av turistfeller. Eg kjenner blodet bruse paa veg til mi viktigaste turistfelle i januar. Pompei! Kafeen er open naar eg kjem, men stenger foer eg gaar. Det er ikkje sesong, men vi faar sett det vi skal. I ro og fred. Aa vere i turistfella utanom sesong er feil paa alle maatar. Men kjekt.

Elles tenkjer eg. Turistfeller er turistfeller mest fordi dei har noko ekstra aa by paa. Geiranger og Nordkapp. Pompei. Peterskirka staar paa planen i aar og. Peterskirka kan frelse ein heidning. Alle vegar foerer til Rom. Denne gongen kjem eg soerfraa.

Eit halvt aar paa tur. Er planen. Til no har eg kryssa to byar eg har vore i foer. Budapest og Venezia. I morgon er det Roma for tredje gong. Elles er alt nytt. Heile halvaaret. Same kor mykje ein reiser vil ein berre sjaa ein liten del framandt land. Daa er det godt aa ha nokre turistfeller aa gaa i!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *