Muren

Paa Interrail i 1975 var Vest-Tyskland i praksis ikkje paa kartet. Sörover. Fort. Var det daa. No er det fire netter i Berlin. Förste formiddag i ny by. Spring ut i kulden. Paa maafaa. Gaar meg paa ein rest av muren. Minnesmerke om den kalde krigen eg vaks opp med. 20 aar sidan muren datt. 20? Ja, 20!

Det var ikkje berre ein mur. det var to murar med dödssone mellom. Alle har si frontlinje. Eg hugsar to fraa barndomen daa «krigen» betydde KRIGEN! Vaks opp med tysk leir paa nabogarden. Har skote mange tyskarar der. Med vaapen av tre. Uskuldig? Den andre frontlina gjekk i Skorpe-sundet. Pappa fortalde om det paa kvar einaste sauesanking. Daa saag vi Skorpesundet der Englandsfarten kunne sende smaabaatar inn i skodde og snoekave. Tyskaraane torde ikkje foelge etter. Eg likte den soga kvart aar. No staar eg ved 20 aar gamle restar av ein mur….

«Du forlet no Vest-Berlin» staar det paa eit skilt. Saa veit eg det. Elles ville eg ikkje merka det. Berlin er prega av krigen. Nybygg overalt. Men likevel. Holocost-minne. Krigssoner. Oppgjer med nazi.

Eg kom til Berlin paa grunn av kulturen. No. Men mötte mange krigsminne. Krig. Kald krig. Barndoms krigsminne. Mitt i fleisen förste dagen. Det burde ikkje overraske nokon. Minst meg sjölv.

I gaar fekk eg sms fraa Mads Gilbert – Tromsö-doktor i GAZA. Gamal Kjenning. GAZA. Ein annan krig?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *