Sure folk etter vegen?

Stor ståhei om Gunhild Dahlberg si reiseskildring frå sykkelsetet. Folk frå fylket er ”kåra” til dei suraste. Nokre ler det bort. Andre tek på sitt stivaste smil, og går i kontant sjølvforsvar.

Som den smalaste vestlandsveg har slike debattar to grøfter. Den eine ”grøfta” er at vi diskuterer i vilska utan å sjekke kva boksjanger forfattaren trør seg fram i.

Boka er ei reiseskildring av det mest lettvinte og tabloide slaget. Dahlberg sin sykkelinnsats er imponerande, men boka er ikkje eit antropologisk forskingsoppgåve av den grunn. Dahlberg-boka gir seg ærleg ut for å vere ei reiseskildring prega av ”reality”-tankegangen. Skrive med svært lågt blodsukker. Her er ikkje folket og kysten viktigaste. Men akk. Det viktigaste er journalisten sjølv. Det er ho som driv historia ved å vere den desiderte hovudpersonen i si eiga bok. Ingenting gale med det. Kagge gir ho ut mellom stive permar til stiv pris.

Galskapen startar når boka vert presentert og kommentert som noko meir. Som ei undersøking eller ei kåring. Då ber det utfor stupet. Dei ti-tolv ”Sogn og Fjordane-sidene” i boka er like hjarteleg morosame som eit susande revyinnslag på ungdomshuset. Men ingen lokal-redaksjon ville finne på å lage fleirsides oppslag om eit beiskt revynummer. Men når forfattaren er journalist i Oslo-bygda, og presenterer seg mellom stive permar prioriterer enkelte annleis. Greitt.

Den andre grøfta er at vi berre ler det bort. La oss passe oss der. Desse subjektive boksidene har like mykje å lære oss som det mest elleville revynummeret på den lokale scena. Vi må unne byfolk å halde ap med oss. Med ein romsleg flir. Piet Hein sa at ”den som kun tar spøk for spøk, og alvor kun alvorleg – hun og han har faktisk fattet begge deler dårleg”. For sjølv om Dahlberg er lettvint og usakleg med sitt navleskodande ”reality”-preg, så er ho ikkje fri for poeng. Når nokon kallar deg idiot, så er det alltid lurt å sjekke ut om vedkomande kanskje har noko rett.

Hugs på at ”ei blind høne kan finne korn”! Og det gjeld også om ho syklar med tilhengar på slep og i tillegg talar austnorsk bymål!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *