Storslagen operette

Operapremiere på Eid. Hertuginna av Chicago. Operette er såpeopera på høgde med TV-Dynastiet. Lettfatteleg og greitt å følgje med. Såpe ja. Her vart til og med prinsetrona ombygd til hertuginna sitt badekar. Flott oppleving i full sal. Operasjef Kari Standal Pavelich har omsett stykket til nynorsk. Ein stolt arrangør i harmoni med sitt publikum.

Handlinga. Rikmannsdotter og hertuginne Miss Mary Lloyd trur ho kan kjøpe alt for pengar. Også prinsen. Men prinsen frå ”Sylvaria” legg meir vekt på kulturen og folket. Her er orkester på scenen, enkel og effektfull scenografi og flotte kostyme.

Styrkane i framføringa er musikk med godt og proft orkester leia av Michael Pavelich. Det er jamne og gode songarar. Anders Vangen spelar tenaren til hertuginna. Hen meistrar både song, skodespel og tekstuttale, og får bestemanns-prisen. Fire proffe dansarar hevar framsyninga. Men ikkje minst: Den lokale ”gutsen” gir ein ekstra dimensjon.

Framsyninga glei godt etter ein litt usikker start. Rørslene til koret vert litt stivbeinte målte opp mot proffe dansarar. Knut Jørgen Moe hadde regien, og kom godt frå oppgåva. Men eg likte ikkje at stykket gjekk heilt i oppløysing mot slutten. Operette er såpeopera. Ein slags parodi. Men parodien har sin eigen logikk, og her vart det grundig overspela. Likevel: Samla inntrykk: Dette var storlagent av operaen på Eid.

Neste år står det nytt operabygg – med betre akustikk – klart til å ta mot Carmen. Men alt i vår vert det opning i nytt hus med operakonsert. Då står verket ”Tyrfing” av Johannes Haarklau frå Haukedalen i Førde på programmet. Komponisten fekk aldri høyre dette sjølv. Men Opera Nordfjord tek tak! Kombinasjonen av Haarklau og Carmen gir breidde!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *