Losnaspelet – på det jamne men med strålande lyspunkt

Konfliktane i stykket til Rolf Losnegård er mange. Her står riddar-far mot son i val av kone. Kjerringemna er den lokale møy mot ei importert adelsdame med fisfine vanar. Sonen vil nok helst ha den friske lokale utgåva, men tek til vitet og følgjer farens råd og tek rikdomen og adelsdama utan særleg motstand.
Den streke Torgunna er den lokale kystkvinna – sterk og viljesterk. Ho er kanskje halvsyster til riddarfaren, og vil spleise den lokale møy med sonen hans – utan å lukkast. Ho vil at ein ungriddar skal bygge opp att borgja på Losna. Som ytterlegare konflikt-krydder står utsendingar frå folket i ytre deler av Solund opp mot den viljesterke Torgunna. Mor hennar går rundt som ei kryssing av Svartedauden og ei forsmådd kvinne med evner til ganning. Ei ganning som korkje bit på riddar eller adelsjomfrua.
Jau – her er kjærleik og makt nok til eit drama, men det held berre noko på veg. Historia framstår å vere litt i tynnaste laget. Ein vert tilsynelatande meir oppteken av å fortelje meir eller mindre dokumentert historie i staden for å la konfliktane og dramaet spele seg ut i full tyngde. Drama mellom folk i kjøt og blod.
Men stykket har også humor og godt spel. Her er barnedans, og spretten slossdans med sverd og ølbolle, her er kvinnekamp i fysisk forstand og humorisktisk typespel mellom den fisfine adelsjomfrua og tenarskapet hennar.
Når fire proffe skodespelarar med sjølvaste Helge Jordal i spiss ropar ”Til Losna” så ventar vi at den friskaske spruten skjer mellom desse fire: Far og son og dei to ungmøyane sin kamp om sonen – det unge riddar-emnet. Helge Jordal er flink, men han vert ståande så altfor lenge som ei saltstøtte før han kjem inn i spelet. Nesten som ein statist. Og sonen gir han ikkje motstand nok til at dramaet får spele seg ut. Det vert sjeldan teater av blind lydnad. Jordal får meir motstand hjå den sterke Torgunna (Kjellfrid Bøtun) – som påstår å vere halvsyster hans, og då spelar Jordal seg opp. Ungmøyane legg meir sjel i spelet frå start, og særleg kjem jomfru Gudrun av fin slekt – spela av Jeanette Kjær – godt frå det.
Men på ein merkeleg måte så er dette dagen der proffane kjem litt i skuggen av dei gladaste amatørane. Eg vil dra fram Oddvar Stave som spela ein storkjefta bygdekar utan overspel, og sjølvaste heksa spela av Ingrid Haveland. Eg trudde på ho der ho skrytte på seg elskhov med far til Riddaren, og der ho synte den unge slekta magiske rituale som ville gi dei lukke! Det var i desse sekvensane eg lukta mest teater på Losna denne gongen.
Oppspelet til slutten er god. Den forsmådde lokale møya ser at ho er sviken av riddarsonen, og brukt av mor si og den streke Torgunna i eit maktspel. Her dirrar det litt drama. Men denne spenninga vert avløyst av at ein annan riddar forbarmar seg over den forsmådde, og etter at vi berre så vidt har ana at han fall i stavar når han såg henne første gongen. Det endar i ufarleg eventyrleg tredagarsbryllaup og applaus. Vel fortent for arrangørar og dugnadsfolk. Det er imponerande at eit slikt spel let seg lyfte fram på ein slik speleplass ”så langt frå folk”. Krafta i kystfolket greidde det nok ein gong!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *