Nedtur – ikkje berre "østrogenbombe" for menn!

Karin Vatne frå Sogndal gir ut boka «Nedtur» på Penna Forlag. Om kvinneliv midt i livet.

Ho advarar rett nok i føreordet:
”Det er eit sant privilegium å få gje ut all sytinga si i bokform”.

Her kjem det i ein frøs: Husarbeid og rydding i si monotone form for omsorg, fattig åleinemor, IKEA-møblar og kleskjøp på sal på Fretex, trøtt i trynet, skilsmisse-konfirmasjon utan lykkepille, TV-ekteskap og samlivsbrot, kravet om å ete seg sunn og frisk, trøytt småbornstid, ein far som alltid tykte han visste best, bilkrasj, om mann i huset og brurekjolen som må seljast – ubrukt ….. same året som det vart abort, redsla for sosialkontoret og einsemd i vår SMS-tid. Om vanskelege val i livet utan djerve nok draumar og faste nok planar.

Definitivt ”Nedtur”. Det er attkjenning i bøtter og spann – men er det god litteratur? Forfattaren evnar å gi av seg sjølv. Ho er personleg utan å verte privat. Dette er ein vanskeleg balanse som denne debuttanten meistrar. Det er truverdig og ho skriv allment, men det vert for flatt. Nedturen vert i jamnaste laget. Det vert lett å førutseie neste avsnitt. Det går litt for mykje i same dur, og ein del av spenninga forsvinn.

Men her er også lyspunkt:
Siste dag i barnehagen med ”skuleguten” er døme på det. Det er ”Eit farvel til det trygge” og samstundes ei spenning i spørsmålet ”Kva no?”. Her er attkjenning, men også spenning.
Likeeins synest eg avsnitta om ”brurekjolen som ikkje vart brukt” …… sommaren før det vart abort ut på hausten …… har spenninga mellom draum og sorg i seg. Her svingar det.

Elles er symptomatisk nok to gravferder av lyspunkta i boka. Lyspunkt fordi dei dreg fram gode minne i sorga. Det vert ikkje flatt – men spennande: Gravferdene er:
* Nedsetjing av urna etter den store bylgja i Asia – med positiv skildring av den omkomne. Lyse minne over djup sorg.
* Og gravferda til ei gamal enkje som hadde hatt tid – tid å fortelje – tid til å bake og servere – tid til andre menneske.

Forfattaren er debuttant. Skriv godt. Godt språk. Byr på seg sjølv. Eg trur denne boka vil gli lett i julehandelen – kjøpt av kvinner og gitt til begge kjønn. Mange likar det som glir lett på attkjenning. Eg synest litteraturen er best der det er meir spenning og motstand i stoffet. Eg gler meg til meir spenning neste gong!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *