Tomt i tanken?

Nei, tenketanken var ikkje tanke-tom! Men Nils R sin sprelske tenketank hadde naturleg nok vanskar med å finne opp krutet på nytt. Dette vart mykje eit ekko frå tidlegare debattar. Og nok eit døme på at friske folk fort kjem i skade for å lage ulne samrøystes rapportar. «Gryndar»-senter har vi kanskje nok av. Det som står om by- og bygdeutvikling i fylket er gamal graut. Kald vassgraut. Kraft- og vegfylket Sogn og Fjordane fornektar seg ikkje, men her gir eg store pluss for å fokusere framtidsretta miljøvenleg teknologi. Og at tanken ikkje berre tenkjer fiber og breiband, men også høgteknologi arbeidsplassar.

Mest positivt er satsinga på internasjonal tilflytting, ikkje berre det gamle ropet til ungdomane våre om å kome heim att. Tanketanken krev at vi alle skal opne samfunna våre. Ikkje bere i arbeidslivet. Men i det sosiale liv og i frivillig arbeid. Mangfaldig kultur og inkludering på alle plan. Heretter er det ikkje berre bensinstasjonane som skal vere døgnopne!

Internasjonal distrikts-festival til fylket er topp, men lag ikkje eit dvaskt kompromiss ved å la den gå på omgang i fylket. Send den til Vågsøy! Førde har internasjonal Festival med stor F. Sogn har nok «fylkeskommune» som det er. La denne utkantsfestivalen verte fast i Nordfjord. På kysten. Tek Vågsøy og byen Måløy opp hansken?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *