Turfakta Gjegnen

Korte fakta om turen finn du her:

Høgd: 1670 moh. To dagars tur.

Start: Skogsveg opp frå Hope, ei lita grend rett før Hyen (når du kjem vestfrå). Nyevegen (om Lavesteinen) er godt merkt, og du kan gå utan førar til Gjegnabu. Ingen farlege eller vanskelege plassar denne vegen, men til dels svært gjørmete sti frå skogsvegen og opp til over tregrensa. Gamlevegen (om Skorsdalen er betydeleg meir interessant, men kan berre gåast til bestemte årstider (pga steinsprang frå breen over). Der er og mange vanskelege stader (kravling og klatring og sending av sekkar rundt vanskelege hjørne), og her bør ein ikkje gå utan kjentmann. Frå Gjegnabu skal du være svært fjellvand og ha eit detaljert kart for å gå utan kjentmann. (Sjå detaljert rute i boka «Opptur»). Vegvalet avheng av kor stor breen er.

Høgdeskilnad: Frå Hope og opp til hytta: ca. 1200 m. Frå hytta til Gjegnen: I alt ca. 700 m (du skal ned i ein liten dal på vegen).

Tid: 6 timar opp til hytta, 6 timar til Gjegnen, 7 timar tilbake til hytta og ned til Hope. (Sprek tjukkas-standard)

Generelt: Svært bratt og tung tur (definivtivt verst første dagen). Utsikta frå toppen (og det særeigne steinlandskapet) er verdt det.

Mitt råd: Ikkje avslutt ditt livs finaste dag med å haste ned 1200 høgdemeter til Hope. Bli på hytta, et middag i solnedgangen, feir at du klarte det, og rusl roleg heim att neste dag.

Galleriet på Gjegnen

Galleriet på Gjegnen

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *