Gjekk i jule-fella

Blåmandag. Eller kanskje feite-tysdag..

Blåmandag. Eller kanskje feite-tysdag..

Jule-fella sto open og velsmurt, egna med pinnekjøt, juleøl, raspeballar og fleskefeitt. Eg gjekk rett i, og den lukka seg rundt meg med eit varmt, fett, saftig schwopp!

– Det er ikkje mulig, tenkte eg den gongen tidlegare Brann-spelar Raymond Kvisvik kom att frå juleferie og hadde lagt på seg ti kilo. Det er nok desverre det.

No skal du få mi favoritt-oppskrift på julekveldsmat: På julafta passar du på at det blir dampa så mykje pinnekjøt at det er att rikelege mengder etter middag. Så, før pinnekjøtet blir kaldt, dreg du kjøtet (og ikkje så reint lite fett) av beina og legg alt saman på ein tallerk i kjøleskapet.

Dag 2: No tek du fram nokre kalde raspeballar og skjer i fine bitar. Hakk litt løk, og hakk det kalde pinnekjøtet i passe bitar. Hiv det i steikepanna. Gløymte du steikefett? Det står ei skål med kaldt baconfett i kjøleskapet. Det gir god smak. Så er det berre å brune heile kladasen, krydre godt med pepar. Skyll ned med Ringnes julebokk, som er så tjukt av karbohydrat at du nesten må ete det med skei. Dette er kraftkost. På ei lita skål av dette vil eg tru ein tømmerhoggar kan halde det gåande 24 timar i døgnet.

Julekurv frå arbeidsgjevar. Den ligg på sideflesket no...

Julekurv frå arbeidsgjevar. Den ligg på sideflesket no...

Legg så til fire veker med så travle dagar at du rett og slett ikkje får klemt inn meir enn tre-fire treningsøkter, så skal du sjå sideflesket kjem fint på plass. Eg frykta det verste då eg gjekk på vekta i dag. Eg tok rett nok  ikkje ein Kvisvik, men eg er ikkje så langt i frå heller: 126,5 kilo. 6,5 kilo har eg lagt på meg siste månaden.  Fy fader.

«Easy come, easy go», sa Elvis Presley. Han hadde nok ikkje prøvd å slanke seg. Men det visste vi jo.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

10 kommentarer til Gjekk i jule-fella

  1. frank sier:

    jøss! ut å måk snø, då skal du sjå at kiloane fer fort av deg att:-) du er velkommen til måking her.

  2. Tundra sier:

    Året er jo for det meste kvardagar. Så nokre kilo opp på denne tida er vel ikkje katastrofe. Ein tur inn i lavkarboverda vert tilrådd. Då kan ein del av julematen vere kvardagskost utan at du går mykje opp i vekt.

  3. Dag Skilbrei sier:

    Du kan komme bort til naboen å måke snø også, har nok å ta av.

  4. Oddleif sier:

    du kan få komme til jølst og vere med å reinske taket for stoooooore snømengder 🙂 velkomen skal du vere!

  5. Steinar Bråstad sier:

    gjekk i akkurat samme fella , trur vi har same vekta og, vi får sette oss eit vektmål i lag, flott bok du har skrevet.

  6. jos sier:

    ..fy flate…….

  7. diplidoklius sier:

    ,,var da fælt da…….

  8. Olav M. Hjelle sier:

    Du må legge inn nokre skikkeleg lange og rolege treningstuarar på minimum fire timar, då får du forbrenninga opp på maks igjen!
    mvh omh

  9. Kristine sier:

    Det er starta opp Grethe- Roede- kurs i Førde. Det og trening er effektivt. Prøv.

  10. Malin sier:

    «Det e ikkje hka du et mellom jul og nyttår, men kva du et resten av året som telle»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *