Sjuk som faen

Sjuk Ole Johannes

Furet, blodskutt. Det er ikkje mykje med meg no.

No er eg sjuk, no. Sjuk som faen, som Ari Behn ville sagt det. Det finst nok ikkje mange som har vore så sjuke som meg. Som kan fortelje om det, i alle fall…

Du kan nok ikkje forestille deg kor sjuk eg er. For å være så sjuk som eg er no, det er det nok berre dei aller mest topptrente som overlever. Det begynte fredag morgon. Eg vakna av at eg skulle dra pusten, men så fekk eg det ikkje til. Det var akkurat som det hadde sett seg ein propp i luftrøret heilt øverst i lungene mine. Eg drog til, og så skjedde noko som eg trur må ha vore som ei omvendt tyggegummi-boble, nedover i lungene mine. Tyggegummibobla hadde same konsistens som frisk harpiks, rett frå granleggen. Like limete var ho og. Og kanskje ispedd litt saltsyre. Slik kjennest det, i alle fall. Denne hinna spreidde seg tynt og fint utover kvar einaste vesle avkrok i heile det stakkars pusteapparatet mitt.

Så begynte eg å hoste. Dette var fredag. Natt til søndag hadde eg ei spesielt minneverdig hoste-økt. Den begynte klokka 04.31, og heldt på til 06.11. Då drog eg for første gang eit heilt innpust utan å utløyse eit nytt hosteanfall. Det er omtrent like lenge som eg brukar rundt Gjøsetstølen på klabbeski, og omtrent like sliten var eg. Eg er ute av trening når det gjeld hosting. Den gong eg røykte var det å hoste omtrent som å riste ut ei gammal fillerye. Slik høyrtes det ut, og same effekt hadde det vel på nærmiljøet og.  Men no? Det riv i brystet på meg så tårene sprett. Støl er eg, og eg ventar berre på at eg skal hoste på meg eit ribbeinsbrot. Det har eg gjort før.

Søndag kom leddverken og dei stive musklane. Og haudeverken. Alle diskantlydar stikk inn i hjernen min som ru, rima nåler. Radioen på kjøkkenet er uuthaldeleg. Eg høyrer suset av bilane frå langt inni Årbergsdalen. Natt til mandag fekk eg feberfantasiar. Eg fekk for meg at dyna mi vog fleire hundre kilo. Den låg over meg som eit traktorlass med varm myrjord. Heldt på å klemme pusten ut av meg. Med ein kraftanstrengelse fekk eg velta dødsmatta av meg og ut på golvet. Ein halvtime seinare vakna eg av at eg skamfraus. Hakka tenner. Drog på meg dyna att, ingen varme der. Hosta ein times tid, men det hjalp lite.  Døste av litt, vakna av at eg fraus. Og måtte tisse. 2 varmegrader på rommet, kroppen kaldsvett av feber. Gruing. Måtte gå til slutt, gitt. Låg lenge på varmekablane på badet før eg manna meg opp til dei ti metrane tilbake til senga.  

Mandag. Snørr. Krekar meg til butikken for å kjøpe kamferdrops og te og Otrivin. Butikkdama ser fort vekk, ho har sett noko. Noko ekkelt. Eg ser det og. Ein fem centimeters blank snørrdrope som heng ut av eit nasebor. Mitt nasebor. «Hjem i skam». Det er sånt sportsjournalistar skriv. No veit eg kva det er. Ringer og avlyser forestilling på UWC i rein snørr-angst. Gløymte Otrivinen. Hurra. Går til doktoren, snik meg inn i dottra min sin time. Stygg oppførsel, men eg MÅ ha Cosylan. Legen finn mange tankevekkande ting på ein lapp han får ut av ei maskin. Lungebetennelse. Han skriv ut pillar til meg. Brune pillar. Fargen er kanskje ikkje så nøye.

Kjøtmeis i vindauge

Dette er det eg orkar av underhaldning i dag. Ei kjøtmeis. Eg kallar han Kåre.

Tirsdag. Pustar grunt. Kanskje eg kan utsetje første hosteanfall. Kanskje ein kaffi først. Har ikkje trent på fem dagar. Må sette meg på kista i andre etasje etter å ha gått opp trappa. Heilt gåen. Trening når du er sjuk bryt ned kroppen. All trening bryt ned kroppen. Men så reparerer han seg tilbake til der du var, og litt til. Når du er frisk. Men ikkje når du er sjuk. Då berre bryt du ned.  Men ein gåtur, kanskje? Berre for å halde forbrenninga oppe? Sjekkar termometeret. 38,5 grader celsius. Panna mi er blank av svette. Forbrenninga er det visst ingen ting i vegen med.

Ser på fuglane på brettet. Blåmeis, kjøtmeis, rødstrupe, sporv. Misunnelig på Ottar Hov, som har rødsisik og fleire andre som eg ikkje veit namnet på ein gong. Og Norvald Stedje, gamleredaktøren i Sogn Dagblad, som hadde to ekorn på brettet sitt. Det skulle eg gjerne hatt. Og ein kopp varm te, med tre kamferdrops i. Det skulle eg og gjerne hatt. Kanskje når kona mi kjem heim frå jobben…

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Sjuk som faen

  1. Maria P sier:

    Kjekt og sjå vi er fleire!

    Eg har samme symptoma som deg, og ei ekstrem muskelsmerte nederst i korsryggen..

    Du får ha god bedring! Eg og sit og ventar på at kjærasten ska komma heim så han kan pleia meg litt!

  2. frank sier:

    Eg har bihuler som er åpne for første gang på 14 dagar, skallebanken er har hatt er på lag det verste ein mann kan oppleva… God bedring, det går over:-)

  3. Jens sier:

    Kan ikkje vera skikkeleg sjuk når du har ork til å skriva dette.

  4. Lars sier:

    God betring OJ! Eg slit med verdas verste manneinfluensa, du har mi største medkjensle. (Eg kjem meg truleg gjennom dette med livet i behald mykje takka være ei bok om verandafilosofi. God lesing!)

  5. Jan sier:

    No må du slutt å sutre, ta tran og hold deg frisk:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *