Supersonisk moro

Utgangsposisjonen. Håkki. Ein håkki-sveis ville nok skapt ein meir aerodynamisk overgang frå hovud til rygg.

Utgangsposisjonen. Håkki. Ein håkki-sveis ville nok skapt ein meir aerodynamisk overgang frå hovud til rygg.

I jula gjorde eg for første gang på mange år det uhyggelege karsstykke å sette rett utfor siste bakken i femkilometeren på Langeland skisenter.

Før du ser på videoen, skal du vite følgjande: Bakken er ganske lang, eg tippar nesten ein kilometer frå du startar til du stoppar. Sporet er som regel til å stole på, men det er ein ting som er litt uhyggeleg: Du har ikkje oversikt over heile bakken. Rett før den siste bratta kjem det ein liten knekk som gjer at du ikkje ser om det kjem nokon imot. Det gjer nesten aldri det, men nesten er ikkje godt nok. Eg har opplevd unge friskusar med fire ungar komme i fiskebein rett opp sporet der. Eg har snakka til dei, og fått høglytt kjeftbruk tilbake. Så vanlegvis plogar eg godt, heilt til eg ser over knekken, og så slepp eg meg utfor. Med GPSen har eg målt topphastighet på over 70 km/t der. Då går det så fort at tårene renn ut av augene på deg, og rett bak og inn i øyregangane dine.

Det går rykter om målingar på over 90 km/t der, og det trur eg på. Mi måling var på tørt, trått føre, og på glatt føre går det sjølvsagt mykje fortare.

Men denne ettermiddagen var det så seint på dagen at småbarnsfamiliane var gått heim, eg hadde køyrt bakken ein gong allereie og visste at sporet var til å stole på (ingen badekar-groper etter fall midt i sporet), eg sto lenge på toppen og lytta etter lydar lenger nede, men det var heilt stilt. Og til slutt bestemte eg meg for å starte opptaket, og sette utfor. Til å begynne med kommenterer eg med den litt ironiske tulle-sørlandsdialekten min, men underveis blir eg så livredd at eg heilt gløymer den kule stilen og går over til ukontrollert skriking og stønn.

Sjekk videoen her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Supersonisk moro

  1. Norvald Skaar sier:

    Den nye ÅMOTÅ ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *