Datt i døden frå Raudmelen

Fjellet Raudmelen i Balestrand har kosta nokre turistliv. Her gjekk eit tysk ektepar utfor:

Her gjekk dei utfor

Her gjekk dei utfor

 

For nokre år sidan gjekk eit tysk par turen på Raudmelen i Balestrand. Stien går langs stygge stup ned mot Esedalen. Ein stad kan ein sjå ned mot eit vakkert vatn inst i Esedalen. Der fann tyskarane ut at dei skulle gå ned. Mannen kom til rette seint på kvelden, skamslegen og hardt medferen. Kona fann dei att lenge etterpå, ihelslegen i eit kratt. Fjellet er vakkert, men det er farleg og.

 

Dette fortalde Mulla Kvikne meg på veg opp på Raudmelen. For at eg skulle passe meg godt, antakeleg.-)

 

Det er ikkje meir enn eit år sidan eg sat på verandaen på Kviknes Hotell og Sigurd Kvikne anbefalte turen opp til Raudmelen. «Fy Fader, det kan du tru, at eg krekar meg opp der». Det var det eg tenkte. «Ja, det ser flott ut. Kanskje eg rett og slett tar turen i morgon.» Det var det eg sa. Kanskje eg rett og slett vart sitjande på kaien og drikke kaffi og ete kaker. Det var det eg gjorde.

 

Men det er andre tider no. Sprekkfull av kondis og virketrang møtte eg mor og dotter Kvikne klokka halv ni fredags morgon. Etter å ha stått opp halv sju og kokt meg havregraut var eg så spretten at eg gjekk mest ein halvmeter over bakken.  Berre ei Guds lukke gjorde at eg kom på å spørje Marta om det var vatn å finne på turen. Det er det nemleg ikkje. Eg fylte opp ein liter, men eg skulle hatt to. Dei to damene var nok ganske tørste då dei kom heim, slik som dei spanderte…

 

Det fine med turen til Raudmelen er at det finst ein vakker niste-og-snu-plass for einkvar kondisjon. Allereie ved Ja-steinen (etter 5 minutt) er det ein idyllisk sitteplass i skogen, og til og med eit langbord i ei utløe, der eg tippar mangt eit ungdoms-vorspiel har funne stad. Mangt eit frieri og, etter kva dei fortel…

 

Godt 200 høgdemeter vidare kjem du til Orrabenken, ei sittegruppe med ei fantastisk utsikt over Sognefjorden(sjå billedgalleriet). Dette er kvardagstur for mange balestrendingar.

 

Nesten 500 moh ligg Klukshaug, eller «Dronning Wilhelmines legeplass». Her skal utsikta både mot Esefjorden og Sognefjorden være god, men akkurat då vi var der låg skodda så tjukk at det må eg berre ta Mulla Kvikne sitt ord på.

 

Frå Klukshaug til Raudmelen snoar stien seg langs ein dramatisk fjellrygg, med flatt og fint terreng på vestsida, og forferdelege stup ned mot Esedalen på austsida. Stien går somme tider så nær stupa at du kan sjå at det har laga seg små omvegar etter alle dei som helst ikkje vil så nær kanten. Så flott er det, at du gløymer å tenke på dei 400 høgdemetrane du tilbakelegg, før du plutseleg står på Raudmelen. Herifrå går det stiar i fleire retningar. Spesielt den inn mot Munkegga, og vidare mot Høyanger, sto eg lenge og såg lengtande på…

 

Så dansa vi ned att, litt vel sprettent, skulle det vise seg. Lørdag var eg så støl at eg knapt kunne gå, søndag ville eg aldri stått opp, om ikkje det var for at eg måtte på toalettet. Eg sat heile dagen og lurte på om eg skulle orke å gå opp i andre etasje og hente den spanande boka eg les for tida, men det vart ikkje. Det vart rett og slett for smertefullt. Då heller sitje i ein stol og kjede seg og stønne. Fin ektemann å ha i hus…

Sjekk bileta frå turen her: Ole J på Raudmelen 

 

 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *