Kom deg på Gjegnen!

Og gjer det i dag! Norges femte beste utsikt ventar på deg, og veret er meldt stilt, mildt og klart heile helga. Eg har vore på mitt livs hardaste fjelltur, Gjegnen (1670 moh). Var det verdt det? Ja. Men gå ikkje utan kjentmann.

Eg, på Galleriet på Gjegnen.

Eg, på Galleriet på Gjegnen.

.

– Du må ikkje gå ut med at du skal på Gjegnen, sa min fjellvande kamerat Eivind til meg tirsdag. Han har gått turen sjølv.

– Det er ein knallhard tur, og greier du den, så har du bløffa folk kraftig med hensyn til kva form du er i.

Og eg har ikkje bløffa nokon. Ikkje med omsyn til det, i alle fall. Så det var med ein smule respekt eg møtte føraren min Leiv Sønderland og turfellene Willoch (det er førenamnet hans, ja), Turid og Eldbjørg på Hope i Hyen onsdag føremiddag. Leiv førte laget, som han har gjort det for DNT mange gangar før, både på Gjegnen og Josten på langs. Ein mann for dei harde turane. 

Turen til Gjegnen går ein normalt på to dagar. Dag 1 opp til Gjegnabu, Dag 2 opp til Gjegnen og så heile vegen tilbake til bygda. På UT.no står det om ruta til Gjegnabu at «oppstigningen er meget bratt og krevende». Og det skal eg skrive under på. Vi gjekk den gamle ruta opp Skarsdalen.  Fordi den var «mest spektakulær», sa Leiv. Det burde ringt nokre alarmklokker inni hovudet mitt då. Men sidan eg er ein optimistisk mann, betyr «spektakulær» for meg berre «flott utsikt, luftige utsiktspunkt». Ord som «stupbratt klyving», «dødsangst», «svimling» og «utmattelse» var ikkje innom tankane mine i det heile. Men dit kom dei.

Fjellsportfolk skil mellom «klatring», som inneber tau og boltar og denslags utstyr, og «klyving», som er det vi andre kallar klatring, men utan utstyr. Opp Skarsdalen er det ganske mykje klyving. Eg brukar å seie til ungane mine at går du i fjellet, skal du alltid gå slik at du kan falle rett sidelengs utan at du dett i døden. Eg anslår at for omtrent 50 % av oppstigninga opp Skarsdalen var dette ikkje tilfelle. Ti-femten gonger måtte vi opp renner og avsatsar der det var så trangt og bratt, eller så smale hyller å manøvrere på, at vi måtte ta av oss sekkane og sende dei rundt hjørner og opp renner.  Eg konsentrerte meg om å sjå framover (som i motsett av å sjå ned) og tenke positivt. Eg var vel eigentleg berre litt redd ein gong. Etter den verste klatrebakken er det å dreie mot venstre inn på eit langt svaberg, og så er det i realiteten berre å rusle til du ser Gjegnabu. Men då klatrebakken var over, var eg tom for blodsukker. Heilt ferdig. Måtte ta pause kvart halve minutt opp til plassen der vi skulle ha matpause. Eg sette mi lit til at ein førti minutts matpause med knekkebrød, kaffi og sjokolade skulle gjere susen, og det gjorde det.

Det er vanskeleg å beskrive den glede og lettelse eg kjende då vi på toppen av svaberget såg ned mot høgre, og der låg Gjegnabu. Inn i hytta, og full fyr i ovn og primusar og stearinlys og alt som var, men eg fraus som ein hund. Skolv og rista. Er blodsukkeret tomt, så har du ingen ting å fyre med, så enkelt er det.  Mens eg sat med ei dyne rundt meg, diska Leiv opp med dampepølse, potetstapp, japansk peparrotsaus og økologisk raudvin. Ved middagsbordet tenkte eg at «vi fem, vi er som kvar sin lune vedovn som sit og knitrar og spreier kos og glede». Slik var det. Ei av dei stundene du hugsar lenge.

Neste morgon klokka 0530 var Leiv på beina.  Ein solid frokost, og klokka 0700 var vi av garde. Turen frå Gjegnabu til Gjegnen er lang. Det er ca 700 m stigning alt i alt, men turen er eigentleg ganske lett. Der er eitt stykke eg opplevde som stygt, og det kjem så å seie med ein gong du går frå hytta. Det var spesielt eitt steg der som eg syntest var i overkant uhyggeleg. Du må passere eit lite hjørne, og for å greie det, må du setje foten på eit lite berg som er akkurat så stort at det er plass til foten din og litt til, og det berget er ikkje heilt flatt. Sklir du då (eller hektar skolissa i den andre skoen), så ber det rett i døden. Hadde det berget vore fuktig, så hadde ikkje eg sett foten ut på det. Då måtte eg snudd og gått heim. Så små er marginane på denne turen.   

Resten av turen var eigentleg grei rusling, bortsett frå eit lite parti med klatring gjennom kampesteinsur. Når du så kjem opp på ryggen av «Uksen» eller «Hesten» eller «Blånibba», som Gjegnen og blir kalla, så blir du rett og slett gripen av ei høgtidsstemning. For no opnar panoramaet seg. Det finst berre fire fjell i Noreg med bedre utsikt enn Gjegnen. Frå Gjegnen ser du at jorda er rund. Du ser horisonten krumme seg. Du ser fiskebåtane og kysttrafikken langt ute i havet i vest, du ser Sunnmørsalpane i nord, du ser  Lodalskåpa og Jostedalsbreen i søraust, du ser Vikafjellet og Stølsheimen i sør, Johannesberget, Snøheia, Storehesten, Lihesten, og Alden. Du ser praktisk talt heile Nordvestlandet.

Og endå gjenstår høgdepunktet: Galleriet. Ein halv km nord om varden ligg Galleriet, ein 10 meter brei stabbe som du kan gå 30 meter ut på, og så ser du inn på fjellveggen som går 1100 meter rett ned i Bjørndalsvatnet.  Sjekk billedgalleriet (lenke lenger ned på sida), så får du eit inntrykk.

Om vegen heim vil eg ikkje seie anna enn at den var lang. Alt i alt ca. 2000 høgdemeter nedstigning. Dei siste 500 meterane gjekk ikkje på rein vilje ein gong, men snarare ei vissheit om at «du kan jo ikkje sitje her og sove i natt». Hadde eg hatt krefter til det (og væskeoverskudd) så skulle eg ha grete eit par tårer av lettelse då eg endeleg sat i bilen. Men det orka eg ikkje.

Bilder frå turen finn du her:

…og Leiv sine bilder finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

10 kommentarer til Kom deg på Gjegnen!

  1. OPPTUR-Anne sier:

    Gratulerer Ole Johannes! Du følgde «rådet mitt»: Gjegnen!: toppen med best utsikt i fylket (høgaste primærfaktor). Neste fjelltopp må då bli fjellet med nest best utsikt: Botnafjellet (opp frå Kandal)!

  2. Hyar sier:

    Imponerande!! Kanonflotte bilder og ein fantastisk beskrivelse av turen. Du er sprek 🙂

  3. Sander sier:

    Verkeleg imponert!!

  4. Inge sier:

    Veldig artig å lese om turen din og sjå bileta. Traff på deg i starten då eg kom fra ein dagstur til Gjegnabu. Ventar i spenning på neste «reisebrev»

  5. Hei, Inge! Hugsar godt deg. Dagstur? Tenkjer vi seier formiddags-økt! Tenkte på deg mange gonger undervegs og. Skal tru om eg nokon gong kjem i den form at eg kan greie turen på det doble av det du gjorde? Men, men. Det hadde faktisk vore kjekkare om eg fekk Sander med. Det kan gå det og. «Next summer in Santiago», sa dei alltid på pilgrimsruta. «Next summer på Gjegnen», seier eg. Det er eit større mål, det. Eit mål som forandrar livet. For resten av livet.

  6. Anne Marte Espe sier:

    Veldig imponert over dåkke =), då spesielt mamma (Turid) =) Ser ut som ein flott tur!! Fine bilder !

  7. Inge sier:

    Løypa du gjekk opp Skarsdalen freistar. Må få med den ein gong. For ikkje å snakke om Gjegnen. Eg snudde trass alt på Gjegnabu. Du fekk med deg heile herlegheita. Må berre finne meg ein kjentmann 🙂

  8. Svanhild Handal sier:

    Kvifor kan du ikkje gå ein alminneleg tur?? Ta bussen ut i Vasslia, gå på Fauskevarden, og så inn til Halbrendsnipa. Kjempetur , du ser heim til Gaular, og det er ikkje skummelt i det heile teke. Du kan gå på 3- 4 timar ein føremiddag. Kos deg ! Det er iallfall dumt dersom fjelltur vert synonymt med grusomt tungt, tøfft, bratt og ekkelt. Elles vil eg reklamere for fjelltrimmen i Jølster.

    helsing Svanhild Handal

  9. Jau, Svanhild, du har eit poeng. Grunnen til at eg har tatt dei høgaste fjella no, er at eg må skunde meg før snøen legg seg på toppane. Og Fauskevarden og Halbrendsnipa høyrest heilt flott ut, det. Kanskje i neste veke. Treng å kvile meg litt no…

  10. Astrid Kalstveit sier:

    Hei du spreking!
    Så flotte turomtalar du har og levande fortalt. Eg har ikkje vore på Gjegnen og fekk sabla lyst nå. Du har mykje kjekt i vente, når du har tatt det tyngste først! Lukke til og håpar du har medlemskap i turlaget og får rabattar på hyttene våre og ved nye skokjøp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *