Turfakta Honndalsrokken

Korte fakta om turen finn du her:

Høgd: 1529 moh.

Start: Skogsveg innover dalen frå Honndøla bru, 12 km nord for Grodås. Køyr til du kjem til ein inngjerda P-plass vel ein kilometer oppe i vegen, og gå derfrå. Følg vegen inn til fjelltrimposten inst i dalen, ca. 1 time.  Vatnet Store-Luka kan vere siste staden du finn vatn. Følg tydeleg sti inn til veggen, og rett opp veggen i skorta midt på. Fem-seks litt vanskelege plassar (du må krype og klatre), men aldri livsfarleg. Den verste staden kjem med ein gong, nederst i veggen. Opp veggen brukar du 1-2 timar, alt etter formen. Frå du er komen over kanten går det betydeleg lettare. Du kryssar røysa (eller snøfonna) bort til litt oppe til venstre på  U’en bak Rokken, og så følgjer du ryggen heilt til topps. Vær obs på at det er høgt utfor på høgre sida, og akkurat på toppen er det direkte livsfarleg å være. 

Høgdeskilnad: 1129 m.

Tid: 4,5 timar opp, 3,5 timar ned (sprek tjukkas-standard)

Generelt: Lang og tung tur, men flott tinde-oppleving. Godvær absolutt betingelse. 

Rokken i kveldssol

Rokken i kveldssol

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *