Jo-jo-puls

Lørdag skjedde det noko rart: Pulsen min datt rett ned kvar einaste gong eg kvilte meg i fire-fem sekund.

Vi hadde samlast sju vener lørdag ettermiddag for å sykle ein runde rundt Hestad. Opp til Foss-krysset låg eg på puls 130-135. Heilt normalt. Så kom ein fire-fem sekunds pause idet vi trilla frå krysset inn mot Fossevika, og på dei fem sekunda datt pulsen min ned til 110. Som ein stein. Eg røska til med ei spurtoppvisning, og på ti trakk var eg oppe i 145. Så trilla eg på farten forbi Hauken sag og eit stykke framover, og der sokk pulsen 150 – 135 – 120 – 105 – 95 – 89!!!! Det datt så fort at eg gløymte å sjå på veien i nokre sekund.  Heilt ekstremt. Aldri opplevd maken. 89 var ei ekstrem-måling, men resten av turen var mønsteret det same: Omtrent i den augneblenk eg slakka av på presset sokk pulsen ned til rundt 106-112.

Trenings-veteranar eg har snakka med seier at det er eit veldig godt teikn.

Etterpå låg vi i veien utafor huset mitt, ein gjeng gamle kameratar heilt frå barndommen,  i lørdagskveldssola og kjente på lukta frå ein nytend grill og leska oss og snakka om kor tøffe vi var. Vi var så lukkelege at du skulle tru det var ein film.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Jo-jo-puls

  1. Jo Inge Gåsvær sier:

    VELDIG godt tegn! Dette klarar du!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *