Nær døden-oppleving

Av og til angrar du på at du har brukt ei vending, og så er den oppbrukt når det virkelig skjer. Som det å «nesten drepe seg» på ei treningsøkt. For torsdag er eg redd det var akkurat det eg gjorde. Hadde ungane sett meg, ville dei begynt å grine.

 Det var tid for første intervall-økt i dei ordentlige motbakkane: På sørsida av Gaularfjellet, der rittet skal gå.

Eg varma rolig opp ved å sykle litt fram og tilbake i Vetlefjorden, sykla så rolig inn til Mel kraftstasjon, tok ein liten pause og smelte i gang med første intervall. Bakken der er brutal, ei sjokkoppleving. Spratt rett opp i 170 i puls, såg uklart, følte eg hadde problem med å halde meg ved bevissthet.  Roa ned frekvensen, men låg faktisk jamnt på puls 169 ut dei fire minutta. Luftrøret vart til ei tube av seigt slim, og eg brølte på kvart utpust for å skubbe slimet litt opppover. Då eg gjekk av sykkelen begynte problemet med å halde seg bevisst å bli prekært. Måtte sette meg, klarte ikkje sitte heilt oppreist, oppdaga plutselig at sykkelen min låg midt i veien ( kan ikkje hugse korleis han kom dit), og låg og klorte den ut i grøfta.

Det var akkurat der eg er glad ingen såg meg. Brukte sikkert eitt kvarter på å komme meg att. Bestemte meg for å ta det rolig i neste intervall, men spratt rett opp i puls 165 igjen, og låg der i fire minutt. Då var eg komen nesten opp i første hårnålssvingen. Kom meg fortare no, (5-6 minutt), men femti sekund ut i det tredje intervallet kjente eg at no var kroppen tom for krefter. Eg hugsa kva Jo Inge hadde sagt: Gi deg på rett tidspunkt, så sparer du dagevis med restitusjon. Eg ga meg.

Dette var ille. Eg kunne ha drepe meg. Anten ved eit hjerneslag eller eit infarkt, men kanskje minst like gjerne fordi eg kunne ha sykla av veien eller ut framfor ein bil, i den tåka eg var i på det første intervallet. Det var så ille, at eg fekk litt vondt i magen då eg skulle fortelje om det til ein kamerat dagen etter. I samråd med Jo Inge er vi no komne til at min makspuls er 170, og at eg ikkje bør ligge over 162 (fordi det er 95 % av maks) på fireminutts-intervalla.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *