Nesten oppe

Søndag prøvde eg meg på Gaularfjellet. Heile bakken. Det gjekk sånn passe.

Restitusjonsmåltidet

Restitusjonsmåltidet

 

Eg trur vi hoppar rett til konklusjonane:

1. Eg må ha eit lettare gir. Bakkane frå Mel til første hårnålssvingen er så brutale at eg greier dei ikkje på mindre enn puls 160 med det giret eg har i dag. Min ven Frank har ein racingsykkel med tre kransar framme, og han har 50 % lavare utveksling enn meg. 

2. Eg trur kanskje dette skal gå. Eg bestemte meg etter første hårnålssving for å bryte, men så sykla eg inn til andre svingen. Og så sykla eg inn til tredje svingen. Og så til den fjerde. Og så til den femte, sjette og sjuande. All stigning etter den første hårnålssvingen er faktisk til å leve med, det er frå Mel til første svingen dei virkelig stygge stigningane kjem. Midtvegs mellom sjuande og åttande svingen kom min ven Ole Morten med følgebilen, og då bestemte eg meg for å gi meg. Eg kunne greidd resten, men då kunne eg nok ikkje gått resten av veka. Då vil eg heller greie to slike økter til denne veka. I Gaularfjellsrittet kjem sjølvsagt dei tre mila frå Balestrand til Vetlefjorden i tillegg, men sykling på flat veg kostar meg faktisk nesten ingen ting om dagen.  

Gaularfjells-gjengen. F.v. Vidar, Frank, Ingunn, Ole Morten. Heldig er den som har slike kameratar...

Gaularfjells-gjengen. F.v. Vidar, Frank, Ingunn, Ole Morten. Heldig er den som har slike kameratar...

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Nesten oppe

  1. frank sier:

    heldig er vi som har deg, du som får oss opp av godstolen. Ein kjekk tur som gjekk over all forventning 🙂 gleder meg til neste

  2. Joar Sande sier:

    Gode greier, ein sprek gjeng!

  3. kris sier:

    det er jo sykt tungt og sykle hele den veien dere må være helt ut slitt etter den sykle turen jeg greier det ikke vertfall

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *