Ro i reiret

– Rypene klekkar rundt jonsok, seier dei. Men ikkje rypa mi.

Rype-egg. Skal tru om det pip litt inni der...

Rype-egg. Skal tru om det pip litt inni der...

Søndag trengte eg ein rolig tur for å løyse opp støle bein etter Storehesten opp, så eg smatt ein tur opp til rypereiret eg har funne. Spaninga var stor då eg lista meg fram der eg meinte å hugse at det låg. Men rypa greidde sjølvsagt å fyke opp før eg fekk tatt bilde av henne denne gangen og.

Og egga, dei låg der like uklekka som sist. Skal bli spanande å sjå korleis det går. Men eg er litt bekymra. Reiret ligg på ein mykje trafikkert stad. Berre den halvtimen eg sat på avstand og betrakta det, kom det to turfølge forbi, det eine med ein laus hund. Dei kobla hunden idet dei såg at rypa fauk opp, men korleis skal dette gå når kyllingane klekkar og begynner å rusle rundt i terrenget? Eg må seie eg er litt bekymra.

Hustrig å ligge her og varme på egg når det regnar og bles som verst. Men så blir dei vaksne på tolv veker. Det er jo fordelen.

Hustrig å ligge her og varme på egg når det regnar og bles som verst. Men så blir dei vaksne på tolv veker. Det er jo fordelen.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *