Eg er ein Store-Hest

Det må no vere ein fin tittel på dei som går Storehesten opp? Det var fint å komme opp, men desto verre å komme ned…

Dette var det som var å sjå av utsikt frå Storehesten den timen eg var der oppe.

Dette var det som var å sjå av utsikt frå Storehesten den timen eg var der oppe.

Turen går frå Stølshaugane (396 moh) til varden på Storehesten (1209 moh) i Bygstad. Tek du med litt opp og ned inne bak hesten, så snakkar vi nok om ca. 900 høgdemeter. Inn til Vardehaugane ved foten bak hesten gjekk det greitt. Men så begynte ein bratt, seig motbakke på ca. 400 høgdemeter, og den kjente eg godt.

Litt før toppen må ein krype på hender og kne opp ei renne i ei kløft, og ettersom det var ganske sølete  rett før denne renna, så var den innsmurt i drit. Eg syns det var litt morsomt å sitje på toppen og sjå på folk og tenkje «du har krope opp ei renne smurt i drit, og du har krope opp ei renne smurt i drit,» og så vidare.  Men kva gjer ein ikkje for saka?

Det skulle bli verre. Mykje verre. For når 1250 menneske trampar gjennom ei myr, først eine vegen, og så tilbake igjen, då blir det ganske gjørmete. Stien ned dei siste to kilometrane var ei lang sklie av lysebrun gjørme, der berre nyansen av lysebrunt kunne gje deg eit hint om korvidt dette var ein stad du sakk i til knea, eller kunne ha eit håp om å flyte rundt oppå driten til du fekk tatt neste steg.

Passasjerane på bussen ned var eit syn. Eg tok ikkje bilder, det ville vore ufint. Men då eg kom heim og fekk av meg skoa og sokkane, oppdaga eg at eg faktisk hadde fått skille:

Det brune har ingen ting med sol å gjere. Det brune er drit.

Det brune har ingen ting med sol å gjere. Det brune er drit.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Eg er ein Store-Hest

  1. Ellen sier:

    Hehe, ja akkurat sånn skille hadde eg også på føtene etter turen på Storehesten, så eg skurte leggane med skurekost for å få dei reine. Og klea og skoa måtte eg legge i bløyt før eg kunne vaske dei. Men gjørmebad skal jo vere sunt 🙂

  2. Jannicke sier:

    Det var ganske «heftig» ned att det siste stykket, ja… Dei musklane ein fekk mjuka opp på veg oppover, vart brått dobbelt så stive på veg ned att, når ein måtte gå sååå forsiktig og stivt for å ikkje sette livet på spel…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *