Ei god mor

Ho lata som ho ikkje såg oss. Men det trur eg ho gjorde.Endeleg lukkast det å ta bilder av rypa mi!

Kanskje ligg ho tryggare enn eg trudde. For venen min Per greidde rett og slett ikkje sjå ho, på to meters avstand.

– Her er ho, sa dottra mi Gjertrud.

– Kor? sa Per.

– Tullar du? Rett framfor beina dine. Trakkar du to skritt fram, så trakkar du på ho, sa Gjertrud og peikte:

– Hadde armen min vore ein halv meter lenger, så hadde eg tatt på ho, sa Gjertrud.

Og plutselig var det som om mønsteret av lyng og gras forandra seg, og vart til ei rype.  

– Sjå DER, ja! sa Per då. Og han er gammal rypejeger. Og når ikkje han ser ho, då er det ikkje nokon andre som gjer det heller. Det er jo dette med lause hundar og rypekyllingane, sjølvsagt. Men der har rypene ein god, gammal taktikk: Så snart dei ser hunden, så viser dei seg for han, og begynner å dra vengen etter seg bortetter, og nett før hunden får tak i dei, så fyk dei eit stykke bortover. Slik lokkar dei hunden langt av garde, og så plutseleg fyk dei langt vekk bak ein haug. Når så hunden er vekke, fyk dei tilbake til reiret sitt igjen.  Det kan gå.

Lurar berre på ein ting: Søndag fauk ho opp så snart vi var fire meter frå reiret. I går vart ho liggande, sjølv med kameralinsa femti centimeter frå seg. Kan kyllingane ha klekka? Er det difor ho nektar å flytte seg? Skal sjå oppom ein tur seinare i veka.  Det er ikkje vanskelig å få mosjon, når du har eit slikt turmål ein times tid oppe i fjellet…

Ho er lett å sjå når du veit ho er der. Men når du tilfeldigvis kjem forbi? No chance.

Ho er lett å sjå når du veit ho er der. Men når du tilfeldigvis kjem forbi? No chance.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Ei god mor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *