13 Kjelstadbakkar

Eg gjorde ei tankevekkande oppdaging her om dagen:

Kjelstadbakken. Takes you all the way to puke-land.

Kjelstadbakken. Takes you all the way to puke-land.

Eg sykla den faste runden rundt Hestad då eg plutseleg kom på at eg skulle måle stigningen i Kjelstadbakken. For det er ein bakke det står respekt av. Der har folk både stått av og kasta opp, for den er bratt og lang. Første gang eg sykla opp der i vår, måtte eg gå av sykkelen og gå opp halve bakken. Sjølv om eg no begynner å komme i brukbar form, må eg begynne svært rolig, om ikkje eg skal sprenge meg før toppen. 

Og så tenkte eg: Skal tru kor bratt den bakken er, i forjhold til Gaularfjellet? Eg veit jo (sjå tidlegare innlegg) at Gaularfjellet byr på ca. 600 høgdemeter samanhengande stigning, og at den stigninga er jamnt 7,7 – 7,8 %, men med to kneikar (45 og 40 høgdemeter) som er 8,2 %.  Måler eg stigninga i Kjelstadbakken, så har eg noko å samanlikne med, tenkte eg, og tok fram GPS’en min.

Kjelstadbakken er 44 høgdemeter, fordelt på 500 meter. Det gir 8,2 % stigning. Det betyr at hovedstigninga i Gaularfjellet tilsvarer 13,3 Kjelstadbakkar oppå kvarandre. Det er ein alvorlig lang og tung bakke, det.  Formen kjem seg fort no, men kjem han fort nok? Det er spørsmålet.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *