Eg er ein Høyang-Bjørn

Trappa sett frå trinn nummer 620. Det er akkurat så bratt som det ser ut som. Minst.

Trappa sett frå trinn nummer 620. Det er akkurat så bratt som det ser ut som. Minst.

– Ytre Sogn skriv at du skal være med på trappeløpet, sa Rolf Sanne-Gundersen til meg. Han likar å skremme meg litt. Han er grei sånn.

Lokal spreking Dag Nestegjerde demonstrerer kor bratt trappa er. Eg anslår det til ein stad mellom 30 og 35 prosent.

Lokal spreking Dag Nestegjerde demonstrerer kor bratt trappa er. Eg anslår det til ein stad mellom 30 og 35 prosent.

– Det er sikkert noko Suen har funne på for å mobbe deg litt, sa Rolf. Det skulle ikkje forundre meg, tenkte eg, og vart endå litt meir skjelven. Rolf let meg bli skikkelig bekymra før han avslørte at det var tull.

– Men kvifor ikkje, tenkte eg. Det er då berre ei trapp? Ei trapp med eitt tusen to hundre og sekstiåtte trinn, rett nok, men  likevel?

– Og viss du syklar Årseth-tråkket (Høyanger – Vadheim tur-retur, 50 km totalt) først, får du tittelen Høyang-Bjørn, sa ein av arrangørane.  Og er du først med på galskapen, så kvifor ikkje berre ta det heilt ut først som sist? Så eg meldte meg på. Sykkelrittet og trappeløpet. Og så gjorde eg det. Sykla 50 km på litt over to timar, spiste eit godt måltid og kvilte meg i ein time, og så gjekk eg opp trappa på litt over 30 minutt.

Og det er i grunnen ikkje så mykje å seie om det, anna enn at veien frå Høyanger til Vadheim er fin å sykle, at det å bli tatt igjen av ein bil inne i ein tunnell er ei uhyre skremmande oppleving , og at trappa er lang og bratt. Eg kjende dei 50 kilometrane i kvart einaste steg opp trappa, og då eg kvilte for kvart 250 trinn for å få att pusten, så var det eigentleg lita hjelp i. Kroppen var kjørt. Men eg tok det pent og rolig, og kom meg fint opp.

Det var litt artig å treffe på Svein-Arne Forfod mens eg sto og såg på konkurranseklassen, og så seier han til meg, litt sånn småertete: – Skal ikkje du gå?

– Eg har gått, sa eg.

– Å, har du det? Folk rundt meg nikkar, Foten skjønnar at eg bløffar ikkje, er tydeleg imponert.

– Ja , det var ikkje dårlig, må han innrømme.

– Nei, spesielt ikkje med 50 km på sykkel i beina.

– HÆ? No gjer han rett og slett store auge.

– Du vil ikkje seie at du sykla sykkelrittet først? Folk rundt meg nikkar, Foten skjønar at også dette er Gudsens sanning.

– Ja, det må eg jammen sei, sa Foten då.

– Ja, det må jammen eg og seie, sa eg. Følte meg litt tøff, rett og slett.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Eg er ein Høyang-Bjørn

  1. Øystein Pedersen sier:

    For meg er det meir imponerande med dei som brukar 30 min i trappa kontra dei raskaste. Alle har jo det like vondt, men du har det vondt i 30 minutt og vinnaren i 8min og 24 sek.

    Stå på!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *