Rekordane fell

Eg set stadig nye rekordar rundt Hestadvatnet.

Løypa er 21,5 km lang og går frå Sande til Foss-krysset, rundt Hestadvatnet tilbake til Foss-krysset og ned til Sande. Løypa er omtrent like delar opp og ned og flatt terreng. Før eg  tok sykkelen fatt denne veka var rekorden min på 1 time og 3 minutt. Tirsdag morgon sykla eg på 59 minutt, ei forbedring på 4 minutt. Torsdag kveld vart det veldig travelt, med ei danseframsyning klokka seks og eit avtale klokka halv ni, men eg trumfa inn ein sykletur mellom der likevel.

Hadde ikkje fått ete sidan middag klokka fire, og pressa ned to halvråtne bananer der dei brukande delane tilsvarte omtrent ei heil banan, eit eple og ein liter vatn. La ut på sykletur, og kjende etter to hundre meter at dette var ein bra dag. Sette ny rekord opp til Foss-krysset med 12,45 (førre bestenotering 13,30), og kjørte på vidare. Ga ikkje alt, hadde i bakhovudet at eg skulle halde koken heilt heim. Halvvegs (ved Hestad kapell) viste GPS’en ein gjennomsnittsfart på 22 km/t, to km/t raskare enn på tirsdag. Men så snudde eg heimover. Og så kjente eg vinden. Eg hadde sykla i medvind heile vegen. Då blir det jo ein del enklare. No fekk eg vinden imot, og no gjekk det plutselig veldig trått.

Men, men, tenkte eg, eg har berre to seriøse bakkar igjen, og berre eg greier å ta meg opp dei, så er det jo nesten berre trilling heim att.  Porsjonerte kreftene fornuftig, tok det rolig i bakkane og peiste på på flatene. Trilla inn til døra heime på 54,44, fire minutt og femten bedre enn tirsdag. På ei veke har eg flytta persen åtte minutt og 15 sekund. Held denne utviklinga  fram i seks veker til, vil eg komme heim att før turen er begynt.  Min ven Vidar syklar same ruta på under 41 minutt, eg har synst det var heilt vanvittig, men no ser eg at det kan faktisk hende at den dag kjem at eg og greier det.  Vi får no sjå.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Rekordane fell

  1. Rune Hesjedal sier:

    Du hugsar vel å sjå etter om rypekulla er bra i år på alle desse ferdene dine?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *