Kartla terrenget

I går gjorde eg det eg har tenkt på lenge: Køyrte opp heile bakken på sørsida av Gaularfjellet og laga meg ein høgdeprofil.

Når ein køyrer der med bil, er det lett å få inntrykk av at dei brattaste kneikane kjem frå Mel kraftverk og opp til bommen. Men det er berre delvis rett.

GPS-målingane mine syner at stigninga ligg temmeleg jamnt på i underkant av 8 %. Rett nok, i bakken like etter avkøyrsla til kraftstasjonen målte eg 8,7 %, men den er berre 40 høgdemeter, det same gjeld bakken mellom sving nummer fem og seks (av hårnålssvingane), men den er også kort, berre 35 høgdemeter. Den slakaste bakken er den mellom sving nummer åtte og ni, den er 800 meter lang, med ei stigning på 7,0 %. Siste strekka, frå sving nummer ni og opp til utsikten ser litt slakare ut enn dei andre, men den er faktisk 8,2 % og 1180 meter lang.  Når ein passerer sving nummer tre er ein komen 373 moh, og er altså halvvegs til toppen. Litt etter sving nummer sju passerer ein 500 moh, og er komen opp 2/3 av stigninga.

No er det ut og finne seg ein bakke med 8,2 % stigning i nærleiken, så eg kan trene der.

Den travelt opptekne landmålaren i arbeid.

Den travelt opptekne landmålaren i arbeid.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Kartla terrenget

  1. jostein sier:

    du havna nesten i «skuggen» av ein fotograf

  2. Frank sier:

    koeleis eg skal greie å komme meg opp på fjellet med min korte legg musklatur er for meg ei gåte….ring når du har funne ein treningasbakke..

  3. Sølvi sier:

    Å sykle på nyevegen til Guddalen må vel bety nokre bakker med stor % stigning. Lykke til

  4. hans jakob reite sier:

    Det er berre i motbakken det går oppover!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *