Viksdalen Hawaii

Han smiler no.

Han smiler no.

Det heiter drinken eg brukte som sportsdrikk søndag. «Osebua» heiter drikkestasjonen min.

Eg følte meg skikkeleg sunn søndags formiddag. Var oppe før ni, spiste ein stor tallerk havregryn, ei diger, dobbel grovbrødskive med kjøtpålegg, og ei lita skål med salat. Skifta til sykkelklede, og sette meg på raceren og sykla opp til Eldalsosen. Brukte 1 t og ni minutt opp,  2 t 16 minutt totalt.  Sykla 50, 06 km inkludert eit par avstikkarar.

Cruisa langs Viksdalsvatnet i glitrande solskin og vindstille, glei inn på Osebua og bestilte meg ein Viksdalen Hawaii, som er ein fruktmos/slush/smoothie av grøne epler og ananas. Herleg. Men det vart for lite. På veg heim var eg plutseleg heilt tom. Må nok ta med meg ein XL1-bar eller frukt eller eit par skiver, skal eg halde ut i over to timar.  Men kor skal eg ha det? Eg har jo knapt plass til mobilen i lomma på ryggen av sykkeltrøya mi?

God stemning på Osebua i Eldalsosen. Fin pit-stopp for ein sliten syklist.

God stemning på Osebua i Eldalsosen. Fin pit-stopp for ein sliten syklist.

Brukte forresten 12,30 opp til Skudalskrysset i dag, førre bestenotering trur eg faktisk var 15,30.(!)  Dramatisk forbedring.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Viksdalen Hawaii

  1. Anne Viken sier:

    Viksdalen Hawaii og Osabua er kostelege. Har omtalt drinken i fleire artiklar. Perfekt reportasjeelement. No også stad for sykkelrittrendande komikere. Lykke til med rittet!!

    Fleire bilder: Osabua i Eldalsosen har best burger og fruktdrink: http://anneviken.blogspot.com/2008/06/osabua-i-eldalsosen-verdas-beste.html

    «Dag og Tid om björnen på Viksdalen»: http://anneviken.blogspot.com/2009/04/kvart-ar-slar-dei-til-pa-nye-stadar-og.html

    (her er du faktisk omtalt;)

    «Frå Nationen»: http://www.nationen.no/meninger/gjestekommentar/article3677146.ece

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *