Heteslag

Tirsdag 25. Mai var det så varmt at eg nesten fekk heteslag. Eg fekk den geniale ide at eg skulle gå opp til middelalderbyen Lauzerte, hundre høgdemeter i brennheit sol og 32 grader i skuggen, og det var nok ikkje så lurt. Eg vart så heit at eg kom meg rett og slett ikkje til att. Eg tømte på med Perrier de menthe med isbitar, men det hjalp ikkje. Til slutt måtte eg rett og slett ta meg ein siesta, og ty til det gamle Syden-trikset:  Du tar ein badehandduk, gjer han klissvåt i dusjen, vrir han grundig opp og brukar han som dyne. Slik la eg meg på senga frå tre til fire, og først då følte eg at eg kunne tenke klårt igjen.  Eg prøvde å ta bilde av det med sjølvutløysar, men handduken var litt for liten til at eg syns bildet vart noko å vise fram. Så det blir ikkje.

Når du forlet ein slik plass for å legge deg åleine på eit hotellrom med ein våt handduk til dyne, då er det varmt.

Når du forlet ein slik plass for å legge deg åleine på eit hotellrom med ein våt handduk til dyne, då er det varmt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *