Kvifor eg ikkje tar av

Aligot. Og ei pølse som er minst så feit som ho ser ut til. Dette spiste eg ein kilo av.

Aligot. Og ei pølse som er minst så feit som ho ser ut til. Dette spiste eg ein kilo av.

Når ein går fire-fem-seks timar til fots med ein sekk  på 16 til 18 kilo, dag etter dag i nesten fire veker, då skulle ein jo tru at ein ville ta kraftig av? Men eg gjer ikkje det. Og eg veit kvifor.

Systemet her langs pilgrimsruta er slik at dersom du tek det dei kallar pilgrimsmeny, så får du ein tre (av og til fem) retters middag for ein relativt rimeleg penge. Heilt ned i 12 euro (under 100 kroner), og då er rødvin inkludert. Skal du begynne å velje andre rettar frå menyen, kjem du fort opp i både 40 og 50 euro. Så det blir pilgrimsmenyen, og ferdig med det. Og den er som regel sett saman av lokale spesialitetar.

I Aubrac hadde dei ein spesialitet : Aligot. Ein slags blanding av potetstappe og ostefondue.  Veldig godt. Akkurat det kroppen skrik etter, når du har gått langt og lenge. Eg såg oppskrifta på eit postkort, og til eitt kilo poteter gjekk det 400 gram ost og 400 gram av nokon anna som eg ikkje forsto kva var. Eg har tenkt mykje på det, og det kan ikkje ha vore noko anna enn smør.

–          Dette er jammen veldig godt, sa Annette frå München.

–          Ja, men eg veit ikkje om det er noko ein burde ete kvar dag, sa eg. Og så lo vi. Vi fekk det neste dag, og dagen etter det.

Og så er det kylling, bada i fløytesaus, og så er det ris, dynka i smør, og så er det confit de canard, som rett og slett er and, kokt lenge og vel på lav temperatur i meierismør. Eg prøvde ein dag å seie at eg var vegetarianar, og då fekk eg ein slags ostegrateng som var så feit at han skilte seg. Kombiner så dette med ein ulve-aktig hunger som hutrar i kroppen, så blir resultatet tusenvis av kaloriar på inn-sida av rekneskapen.

Så eg traskar på, og eg sveittar og eg slit, men så mykje lettare trur eg ikkje eg har blitt. Men fordelinga feitt/musklar har nok endra seg ein del.

Ris og fettslintrar, kokt i smør, bada i ein innkokt fløytesaus. Det glei lett gjennom halsen.

Ris og fettslintrar, kokt i smør, bada i ein innkokt fløytesaus. Det glei lett gjennom halsen.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *