Compeed-urten

 

Reiner var ein gammal rock'n'roller. Eg likar å tru at han hadde ei fortid som trommis i Michael Schenker Group, som seinare vart til Scorpions og hadde ein hit med "Wind of change".

Reiner var ein gammal rock'n'roller. Eg likar å tru at han hadde ei fortid som trommis i Michael Schenker Group, som seinare vart til Scorpions og hadde ein hit med "Wind of change".

I Montcuq vart eg kjend med Reiner og Ursula frå München, som hadde eit lurt triks som dei meinte var bedre enn compeed-plaster: Ein urt som dei la i skoa.

Det var no og ein måte å bli kjent med folk på: Då eg kom til herberget, trudde vertinna at eg var den personen som hadde ringt, som kalte seg Ursula. Ho var veldig fornøgd då ho fortalde meg at eg fekk det einaste enkeltrommet, det med dobbeltseng, som eg hadde spurt om. Det hadde eg jo ikkje. Men det hender ofte at folk trur eg heiter Ouler, eller Oulem, så kvifor ikkje urs-OLA?  Eg hadde jo sikkert sagt at «my name is Ole», som lett kan oppfattast som urs ola?

Eg tok rommet.

Så kjem den ekte Ursula, og oppdagar at ein feit, frekk nordmann har tatt rommet hennar, og ho og mannen må ligge på sovesal.  Slik vart vi kjent.  Og det var hyggelege folk. Om kvelden gjekk Urs-OLA og leita under klessnorene, og eg trudde ho hadde mista noko klevask.  Det var nokre franske røyer der som ikkje ville overraske meg det minste om dei stal truser frå klessnora. Men nei, det var ein spesiell urt ho leitte etter. Eit ugras som veks alle stader, som ho pleidde å legge inni strømpen der ho følte at eit gnagsår var på vei. No hadde ho gått frå München på dette rådet, og ikkje fått eitt einaste gnagsår. Til slutt fann ho urten, og den drog eg kjensel på. På norsk trur eg det eigentlege namnet er groblad, og eg har også høyrt namnet tettegras. Safta frå bladet skal visstnok tette åpne blodårer, slik at sår sluttar å blø. Og no også mot gnagsår.

Ursula med Compeed-urten. Dette bladet går ein grusom skjebne i møte...

Ursula med Compeed-urten. Dette bladet går ein grusom skjebne i møte...

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *