Katte-postei

Systera mi var på besøk og gjekk saman med meg i fem dagar, og ho gjorde eit uutsletteleg inntrykk på middagsgjestene eine kvelden. Dei fortel nok historier om oss framleis.

Før hovudretten vart det sett fram nokre posteiar på ein slags Noregs-glas, og då syster mi spurte kva dette var, begynte ei av dei franske damene å forklare veldig, men vi skjøna ikkje kva dyr det var snakk om, før ho lagde horn på hovudet med hendene, og sa

–          It iz like me-e-e-e-e-h, og så mekra ho som ei geit.

–          Oui, mæææææ, sa ein mann som satt der.

–          No, no, no, not Mæææææ, it iz me-e-e-e, sa ho og no braut alle gjestane ut I ein høglytt krangel om korvidt sauen seier mæ og geita seier me-e-e-e, eller omvendt.

–          But thiz, thiz iz Mu-uuu, sa ein mann, og forklarte at ein anna pate var laga av ku.

–          And this, sa systra mi og pekite på eit tredje glas, – is this maybe mjaau, mjaau, sa ho og mjaua som ein redd, liten katt.

Då kan du tru det vart stilt rundt bordet. Dei måpte. Eg lurte på å følgje opp med litt ”and maybe a little voff-voff?”, men eg besinna meg heldigvis i tide. Dei var sjokkskadde.

–          No, no, no, it iz me-e-e-e, ropte dei i munnen på kvarandre, og så mekra heile bordet som ein heil geiteflokk.

Resten av kvelden sat dei og kasta stolne, tankefulle blikk på oss. Katte-etarane frå Norge. Dei fortel nok dei forferdelegaste historier om nordmenn når dei kjem heim.

Geiteflokken før katte-sjokket. Systera mi, Desiree, til høgre.

Geiteflokken før katte-sjokket. Systera mi, Desiree, til høgre.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *