Tilbake til start

03052010230

Det er slik eg kjenner det no. Eg har gått på ein medisin i tre veker som skal senke blodtrykket mitt, og no har det skjedd. Problemet er at det kjennest som om motoren plutseleg berre vil gå på tomgang. Lørdag og søndag gjekk eg to turar som skulle vere ganske lette, men i motbakkane vart eg så kortpusta at det omtrent som då eg begynte å trene i januar. Det fins ei forklaring:

Fleir har prøvd å forklare dette fenomenet, men bror min, som studerer medisin, er den som har sagt det slik at det var lettast å forstå: Noko slikt som dette:

Mange organ i kroppen min, inkludert muskulaturen, har levd i luksus dei siste åra, då eg har hatt lett forhøga blodtrykk. (145/96 sist eg var hos doktoren). For høgt blodtrykk, det er ein turbo kroppen set på når du skal prestere. Men eg har gått med denne turboen innkopla dag og natt i fleire år. Eg skjønar jo plutselig kvifor det ikkje er så sunt å gå rundt slik år etter år.

Høgt blodtrykk gjer at blodet strøymer med stor fart, og blodårene treng ikje vere så tjukke for at musklane skal få det dei treng av oksygen.  Ulempa er at det høge trykket representerer ei belastning på blodårene, og til slutt sprekk ei åre, og når den sprekk, så sørger det høge trykket for at det sprutar meir blod ut av den enn det ellers ville gjort. Viss den åra då befinn seg i hjernen din, så er det takk og farvel.  Så det kan vi ikkje ha noko av. Dermed et eg altså denne medisinen (Losartan).

Problemet er at når denne turboen no er slått av, så strøymer blodet saktare rundt i dei underdimensjonerte årene mine, og kroppen min gispar etter oksygen så snart eg skal prestere. Dette vil ordne seg, seier dei, og det skal visst gå ganske fort også. På kanskje ein månad er eg tilbake i gammal form. Kanskje. Og rein griseflaks er det jo då, at eg i dag har 26 dagar framfor meg, der eg skal gå til fots fire til seks timar dagleg med ein tikilos sekk på ryggen. Perfekt opptrening.  

Dette er forresten skrive på eit brasserie i St. Etienne, mens eg ventar på toget til Le Puy. I morgon er det meldt ausregn, så det kan hende eg blir der i morgon for å ordne litt forskjellig småting, og så begynner eg å gå onsdag morgon.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Tilbake til start

  1. Gunnar Nødseth sier:

    Lykke til med spaserturen i Frankrike. Det kjem til å bli god tid til å tenke på at det hadde vore mykje bedre å vore på havfiske utafor norskekysten med Florø Havfiskeklubb. God Tur.
    Helsing
    Gunnar Nødseth

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *