Til fots gjennom Frankrike Dag 1

Med freidig mot

Med freidig mot

Kom til Le Puy klokka seks om kvelden mandag. Utsleten etter to dagar på reise. Tok inn på rommet eg hadde bestilt, som synte seg å være i eit kloster ett attmed katedralen. Fekk fisk og ein halv kilo spinatstappe til kvelds, slokna som eit lys 2050. Vakna 0431 i munkecella mi, så gjennomkald at eg måtte ta på meg langundik og gå litt rundt før eg fekk varmen. Men verre skulle det bli. Kjende lukta av kaffi og kjende at eg var i grunnen utsoven.

Utsikt frå soverommet: Klosterhagen

Utsikt frå soverommet: Klosterhagen

Snø i Sør-Frankrike i mai. Bevist.

Snø i Sør-Frankrike i mai. Bevist.

Vart sittande i matsalen og lese til klokka ti på sju, då gjekk eg til katedralen til pilgrimsmesse. Dei snakka fransk der, så eg forsto jo ingen ting. Men dei song fint, og eg vil seie stemninga var god. Eg mumla no litt, og sa halleluja når eg tykte det passa.  Då messa var ferdig, sa presten noko, og så gjekk heile kyrkjelyden fram (stort sett pilgrimar med sekk og stavar) og så sa han noko, og så byrja folk å rope.

– Allemagne! ropte ein.

– Canada, ropte ein anna. England og Belgia ropte dei og.

– Norvæsj! ropte eg. Eg vart litt reven med. Då snudde dei seg og sa:

– Ooooh! Norvæææææsj!   Så du kan skjøne det var stas.

Så begynte eg å gå. Eg gjekk meg ille vekk, så ille at ein bilist stoppa og sa ein heil masse på fransk som eg ikkje forsto, men eg skjønte til slutt at Santiago låg motsett veg av den eg gjekk. Til slutt stappa han meg i bilen og køyrte langt og lenge, og så heiv han meg av og peikte den vegen eg skulle gå. Det snødde tjukt, og siste åtte kilometrane gjekk eg i 20-30 cm djup, kramt snøslaps. Det var både kaldt og slitsamt.  Til slutt hadde eg gått 16 km på fire timar med ti kilos sekk, og då skal eg seie det var kjekt å komme til ein restaurant.

No vaskar eg klede og tørkar skoa mine, mens eg les i ei bok, og det er veldig koselig. Trur det blir ein tidleg kveld i dag. Lurer faktisk på korleis eg skal halde meg våken til klokka åtte.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *