Rein fart

Det er det det er snakk om. Det er berre fascinerande når du står auge til auge med 2010- state of the art racingsykkelteknologi: Dette er fullt fokus på ein einaste ting: Fart. Fart, fart, fart. Tryggleik? Det er for pyser. Komfort? Det berre ler vi av. Om gylla sprutar oss midt i fjeset, fordi vi ikkje har forskjerm? Det er sånn det er. For her skal det gå unna, Gunnar…

Sist gong eg sat på ein racingsykkel, var den gule tigirssykkelen far min kjøpte seg då eg var 13 år. Før det var bukkehornstyre noko eg berre hadde sett på TV. Men eg tykte det var litt pinleg ut å sjå den gamle far sin skjemme seg ut så til dei grader. Det var lite som minna om Knud Knudsen.

Speed machine

Speed machine

Eg har jo visst lenge at eg skulle få meg ein sjølv. Men eg må innrømme at for meg har det så langt berre handla om kor stilig eg syntes han var. Men for eit verktøy det er, det var eg ikkje førebudd på. Fy fader, denne maskina omset muskelkraft til fart på ein måte eg aldri nokon sinne har opplevd før. Idet eg set meg på han, og gjer dei første prøvande trakka med trøene, skyt eg fart. Hå hoi, tenker eg, og so slepp eg trøene og trillar. Og trillar. Og trillar. Og trillar. Og trillar. Eg må berre le. Desse hjula trillar så lett, at du trur det rett og slett ikkje før du har prøvd det.

Plutselig forstår eg korleis kameratane mine kan sykle rundt Hestad på 47 minutt (snittfart 27,4 km/t). Eg har så langt hatt dei mistenkt for å smøre litt tjukt på. Tanken har i alle fall streifa meg, når eg brukar ein time og fem minutt på full peising med tandemen.

Men no trur eg det. For denne sykkelen er så lett. Og så stiv. Og så hard. Kvar minste sitring av muskelkraft blir omsett til rein fart. Her er det ingen ting som går vekk.  Og tenk når eg kan rase ut av unnabakkane med sytti kilometer i timen, og så berre trille og trille og trille slik som denne sykkelen gjer? Du sparer litt krefter då. Dette skal bli gøy.

Men farleg er det nok og. Eg synes det er vanskeleg å styre, farten blir som nevnt stor, og bremsene er litt vanskelig tilgjengelege. Eg må rett og slett begynne litt forsiktig.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *