Stressa utan trening

10. mars: Tre dagar utan trening! Blir litt stressa no. Søndag greidde eg det ikkje. Turen i bratt laussnø dagen før, med digre sideveis trakkesteg, gjorde noko vondt med lysken min. Trur det var lurt å ikkje gjenta den suksessen søndag. Mandag oppdaga eg at eg skulle på eit kurs på jobben frå 18-21, pluss at eg måtte opp i slalombakken og leite etter ein mobiltelefon som dottra mi hadde misst der (fant han med metalldetektor), og tirsdag kveld skulle eg halde innlegg på «bokbad for karar», og måtte bruke ettermiddagen til å førebu det.

På den andre sida: Siste ni dagane har eg fem treningsøkter, så eg ligg no ikkje etter, heller. Og så skjedde det noko rart i dag: Eg våkna heilt frisk og opplagt, utan å ha vondt nokon stad. Og det er så lenge sidan sist, at eg greier ikkje å hugse når det var. Så det skadar no kanskje ikkje heller, å få seg ein tre dagars restitusjonspause av og til. Skal bli artig å få seg ein tur på Langeland i kveld og sjå om godkjensla gir seg uttrykk i prestasjon.

Og dessutan: Spaserturen mandag i våt snø frå vegen i Årbergsdalen og opp til over det første bratthenget i slalombakken ville eg nok rekna som ei treningsøkt for to månader sidan.  Rett nok brukte eg 20 minutt, og sleit så hardt at eg måtte ta fleire pausar på veg opp, men ei fullgod treningsøkt vil eg ikkje kalle det.  No, altså.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *