Langt å gå (eller sykle)

Eg gjekk ein treningstur i Gaularfjellsvegen for å sjå an løypa litt. Fy og fy, det er ein lang bakke…

Sjå TV-innslaget om meg på Vestlandsrevyen her: Vestlandsrevyen

Gaularfjellsvegen: her skal eg legge att ein del. Sveitte og tårer, garantert. Blod håpar eg vi unngår.

Gaularfjellsvegen: her skal eg legge att ein del. Sveitte og tårer, garantert. Blod håpar eg vi unngår.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg er eit skippertaksmenneske. Det er nok difor eg trivst best med sykling og skigåing: Kvar gong det kjem ein bakke, så tenker eg at «no er det berre å bite tenna saman og køyre på til eg kjem til toppen, og så kan eg kvile i unnabakken».

Men denne bakken er for stor. Tar eg denne bakken på den måten, så døyr eg før eg kjem halvvegs. Det går opp for meg at eg må faktisk komme meg opp i såpass form, at eg kan ligge og sykle denne motbakken kilometer etter kilometer utan at det kostar meg så veldig mykje. For eg skal halde på med det i over ein time. Og det er lenge, det.

Det begynner å gå opp for meg kva eg har gitt meg ut på.

Sjå TV-innslaget om Ole Johannes på Vestlandsrevyen: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7036973

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *